RÅD TIL AVLØYSAR: Bente Dankertsen er avløysar i Fusa kommune i Hordaland. Ordna fritid er eit viktig gode som også mjølkebønder må vera sikra, meiner ho. (Foto: Ingvar Nistad)

- Sats meir på velferdsordningane

Velferdsordningane i landbruket er for dårlege. Ordna arbeidsforhold og ei god avløysarordning betyr svært mykje for at fleire unge skal ta over gardsbruk med dyr, særleg mjølkebruk, meiner Bente Dankertsen frå Fusa.

Bente Dankertsen i Standvik har jobba deltid som avløysar i over 40 år. I dag er ho fast avløyser hos ein mjølkebonde, i tillegg til litt jobb for andre bønder. Ho er utdanna agroteknikar og arbeider som biletkunstnar og salmakar i tillegg til å vera avløysar. Jobben som avløysar er både givande og meiningsfull, meiner Dankertsen.

- Eg trivast svært godt med dette yrket. Jobben er allsidig og motiverande, og eg vil halda fram i yrket så lenge eg kan, seier Dankertsen. Men ho er uro over rekrutteringa til yrket, særleg til å ta over familiebruk med mjølk, og meiner velferdsordningane må prioriterast høgare i tida framover.

Ser på foreldra

- Ungane ser korleis foreldra har hatt det, med lite ferie og fritid når andre har vore på ferie. Dei vil ikkje ha det slik sjølve, og dette påverkar nok mange sitt yrkesval. Unge folk vil ha meir ordna arbeidstid, med faste frihelgar og ferieveker. Skal ein få unge folk til å overta gardsbruk må avløysarordninga bli betre, seier ho.

Avløysaren er særleg uroa over utviklinga i mjølkesektoren, både i Hordaland og andre fylke, fordi det er mange som ikkje vil halda fram med mjølk.

Ikkje fri som andre folk

Dei siste åra har partane prioritert ein auke i satsane for avlønning ved ferie/fritid og sjukdom, men framleis er det eit etterslep frå tidlegare år. Når tilskota ikkje har same utvikling som løn- og prisutviklinga, vil verdien av tilskotet bli dårlegare.

- Resultatet blir at mange bønder ikkje tek seg råd til å bruka denne tenesta. Bønder treng ordna fritid som andre yrkesgrupper, helgar dei har fri til å reisa på hytta eller andre stader. No blir det gjerne til at far blir heime og arbeider i helga, medan mor reiser på helgetur med borna, seier ho og legg til:

- Bøndene burde få eit visst tal med fridagar i året. Nokre stader er det også eit stort problem å få tak i avløysarar. Det er vanskeleg å få unge folk til å gå inn i dette yrket, og mange av dei som går inn i yrket forsvinn vidare til andre og betre betalte jobbar. Det har ført til stort gjennomtrekk i yrket.

Stort ansvar

Det er ein del utlendingar som no arbeider som avløysarar i Norge. Bente Dankertsen meiner mange av desse er flinke og arbeidssomme, men at det kan oppstå språkproblem. Ein del snakkar engelsk, men det er ikkje alle bønder som er vane med å forklara ting på engelsk.

- Det kan føre til at somme bønder kvir seg for å overlata ansvaret til personar dei ikkje klarer å kommunisera med. Det er mykje ansvar som følgjer med jobben, med kalving og lamming, og det er også mykje teknikk og utstyr ein skal ha kontroll på.

 Sjå nærare på heile systemet

I førre Regjeringsperiode blei satsane for avløysing ved ferie og fritid auka med 22 prosent, sjukdom med 41 prosent og tidlegpensjonsordninga med 11 prosent. I tillegg blei den kommunale landbruksvikarordninga avvikla og erstatta med ei landsdekkjande ordning i regi av Norske landbrukstenester. Berre ei utbetaling i året kan og bt på utfordringar for somme bønder. Jordbrukets forhandlingsutval foreslår no å innføra ei ekstra dokumentert utbetaling i februar, med søknad i august.

- Eg synest ein må sjå nærare på heile systemet. Sjå om det fungerer. Ofte må ektefellen inn å ta mjølkestellet ved sjukdom, fordi ein ikkje får tak i andre avløysarar på kort varsel. Men det er ikkje alle som har ei kone som kan stille opp på kort varsel. Det burde komma på plass ein sikrare beredskap ved sjukdom. I dag er det mange som føler seg utrygge for kva som skjer dersom dei blir sjuke, seier Bente Dankertsen.

Nøkkelord: Rammebetingelser

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden




 
Bildegalleri Sann imydlå tædene

Sann imydlå tædene

Landsstevnet til Norges Bygdeungdomslag 2011 på Nærland på Jæren.

Gallerier

Vis alle
Bondelagets aksjonsdag 2011
Bondelagets aksjonsdag 2011 (29 bilder)
NBU Landsstevne 2010
NBU Landsstevne 2010 (29 bilder)
Vestlandet på dagsordenen
Vestlandet på dagsordenen (14 bilder)
Bonde for en dag
Bonde for en dag (9 bilder)

Mest kommenterte

Roar Grødeland vart "Årets unge bonde"

Svineprodusent Roar Grødeland frå Klepp i Rogaland er kåra til «Årets unge bonde 2010».

Markedet forsvant for økopoteter

Et prosjekt skulle sørge for at produksjonen av økologisk potet gikk opp. Men så forsvant markedet.

Nedgangen i talet på geitebruk må stoppast

Det er behov for meir geitemjølk her til lands. Då er det meiningslaust at produsentar som vil konve…

Økovekst i Coop Norge

Coop-butikkene solgte økovarer for 240 millioner kroner i 2010, en vekst på 4 prosent.

Norturas eiere lovpriser NorgesGruppen-avtalen

Nortura-eiere som Bondebladet har vært i kontakt med er svært positive til den nye samarbeidsavtalen…

Mest lest


Tusener kan miste seterretten

Har man ikke husdyr som beiter, faller retten til seter bort etter 20 år, mener Statens landbruksfor…


Krever milliarder fra Monsanto

Monsanto har ulovlig krevd avgift for genmodifiserte frø, har en domstol i Brasil kommet til. Om der…


Økte melkemuligheter – men ikke for alle

Norske melkebønder kan i inneværende kvoteår produsere fem prosent mer enn kvoten tilsier. De som li…


Turfolket tar seg til rette

Det kan høres festlig ut å finne en toppløs dame som ligger og soler seg midt i den modne kornåkeren…

Tun Torget

Landbrukets markedsplass

Her finner du det du ikke finner andre steder.

Siste fra andre tema

Rammebetingelser

Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag takka bøndene for innsatsen. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Bøndene oppheva blokkaden av møllene

Transporten av matmjøl får igjen fraktast fritt. - Ein vellukka aksjon, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.

Hilleren leverte landbruksmeldinga attende til staten

- Brudd var det eneste rette

- Melaksjonen rammer bøndene selv

Slakter dyrene i protest

Feil å aksjonere mot bakerne

Traktor og teknikk

Illustrasjonsfoto: Christian Juel Jørgensen

Når giret har låst seg

En leser lurer på hva han kan gjøre når giret for høg/lav og revers har låst seg i høygir. Vår traktorekspert Kjell Mangerud gir råd.

Traktoraksjon langs E6

Problemer med stikkesylinderen på Case-graver

Hvordan manipulere LS-styreporten

Skogsmaskinførere - en utsatt arbeidsgruppe

Det spirer og gror hos Väderstad

Tun Media

Tun Medias publikasjons- portefølje retter seg mot kvinner og menn som lever og bor i det moderne Bygde-Norge og til andre med sans for den landlige livsstil.

Rekruttering av ungdom til utdanningsporgram naturburk ved de videregaende skolene.