Forbruket av lam er berre på 6 kilo per innbyggjar, så her er ei stor utford-ring for marknadsaktørane i å auka forbruket, seier leiar i Norsk Sau og Geit, Ove Ommundsen frå Hjelmeland i Ryfylke.

- Eit aktivt, multifunksjonelt landbruk over heile landet

Norsk Sau og Geit ser fram til ei landbruksmelding som evnar å utvikla landbruket, der matproduksjonen vert basert på lokale ressursar. Meldinga må leggja til grunn auka sjølvforsyning, matvaretryggleik og ei rettferdig fordeling.

Dette seier leiar i Norsk Sau og Geit, Ove Ommundsen, i samband med organisasjonen sitt innspel til ny stortingsmelding om landbruks- og matpolitikk.

- Saue- og geitehaldet er av dei viktigaste produksjonane i norsk landbruk, med om lag 15.500 produsentar. Me er den største husdyrgruppa og den produksjonen som har størst innverknad på busetjing i distrikta. Me bur og driv produksjon på stader der ingen skulle tru at nokon kunne bu, slår Ommundsen fast.

To millionar gartnarar

- Kvar vår slepper me to millionar gartnarar ut i det norske landskapet. Utan denne innsatsen, ville me hatt eit landskap av kratt og skog. Det er svært viktig at denne funksjonen er med inn i framtida. Norske landskap treng småfeet, og det er heilt naudsynt for reiseliv, turisme og trivsel for eigne innbyggjarar, held Ove Ommundsen fram.

- For å kunna yta denne tenesta til samfunnet, er det viktig at me har ein variert bruksstruktur. Den særdeles ulike topografien i Norge fordrar at både små og store produsentar har gode driftstilhøve.

Leiaren i Norsk Sau og Geit held vidare fram at meldinga må ta høgde for ein auke av matproduksjonen i Norge, i hovudsak basert på eigne ressursar.

- Me kan ikkje bruka importert korn i den grad som me gjer no. Det er total mangel på etikk og menneskekjærleik å ta maten frå ei sveltande befolkning i ulanda. Det er difor naudsynt å styrkja norsk kornproduksjon, slik at me i størst mogleg grad aukar vår sjølvforsyning av korn til både menneske og dyr. Det er eit paradoks at Norge ikkje har kriselager av korn. Våre naboland har lager som dekkjer forbruket i både eit og to år, seier Ove Ommundsen.

Låg pris på kraftfôret

I uttalen peikar Norsk Sau og Geit på at låg pris på kraftfôret, fører til at me heller ikkje fullt ut nyttar vårt produksjonspotensial for grovfôr. Det er enklare og billigare å nytta kraftfôr framfor grovfôr, og denne utviklinga må me få snudd.

- For å få eit meir robust og miljøvenleg landbruk, må me innretta oss slik at bruk av grovfôr og beite vert stimulert framfor dei kraftfôrbaserte produksjonane. Sjølvforsyninga må aukast utan at det er basert på importert kraftfôr, meiner Ove Ommundsen.

Vidare vert det i uttalen peika på at utmarka er vår største nasjonale fôrressurs. Fagfolk meiner at det ikkje er noko problem å ta ut beiteverdi for fleire milliardar kroner, nytta til småfe og storfe.

- Dette potensialet vert i dag berre delvis nytta. Tilskota til utmarksbeite må aukast mykje for å få maksimal nytte av utmarka. Ein kan heller ikkje tolerera at ein stadig større del av utmarka skal vera tilhaldsplass for rovvilt. Produksjon av mat må ha høgare prioritet enn stadig fleire rovdyr, held Ommundsen fram.

- Hyttebygging kan også vera eit problem for effektiv utmarksbruk. Det er viktig at kommunane innarbeider beitebruksplanar i kommuneplanen for å unngå konfliktar. Beitebruk er heilt naudsynt for eit rikt biologisk mangfald. Over 40 planter på Raudlista er i ferd med å døy ut på grunn av for lågt beitetrykk. Norsk Sau og Geit meiner at rovvilt ikkje må prioriterast framfor desse.

Lågt forbruk av lammekjøt

- For å auka matproduksjon i Norge, er det viktig å få betre forståing for jordvern og nytten av å auka omfanget av den dyrka jorda gjennom meir nydyrking og grøfting, seier Ove Ommundsen.

Han trekkjer òg fram at me har eit lågt forbruk av både geitost og lammekjøt her i landet. Forbruket av lam er berre på 6 kilo per innbyggjar, så her er ei stor utfordring for marknadsaktørane i å auka forbruket.

- Å auka produksjonen skal me nok klara, men det krev at produkta våre vert omsette. Det er også mogleg å eksportera både ost og lammekjøt til fornuftige prisar. Likevel er me avhengige av eit sterkt grensevern mot lågprislanda.

Livsstil som alle andre

Ei ny landbruksmelding må ifylgje Ommundsen ta opp kva ny teknologi og ynskje om inntekt vil ha å seia for strukturar og rekruttering.

- Det må også leggjast til rette for dei som vil ha småfehald som hovudnæring. Det må gjerast innbydande å overta gardsbruk også når det gjeld inntekt og investeringsmoglegheiter. Småfebonden skal kunna ha ein livsstil som tilnærma resten av befolkninga.

- For å sikra rekrutteringa må ein ha godt tilrettelagde tilbod på utdanning, slår Ommundsen fast.

 - I dei seinare åra har skilnaden i pris til bonde og pris til forbrukar auka. Meldinga bør sjå til at me har ein rettvis konkurranse imellom kjedene. Faren for skjult monopol og kryssubsidiering er til stades.

Leiaren i Norsk Sau og Geit er optimist på vegner av eit småfehald basert på norske ressursar - og stortingsmeldinga kan stadfesta ei optimistisk framtid for småfeet. Det er den politiske viljen som avgjer, seier Ove Ommundsen.

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.
 
Bildegalleri Sann imydlå tædene

Sann imydlå tædene

Landsstevnet til Norges Bygdeungdomslag 2011 på Nærland på Jæren.

Gallerier

Vis alle
Bondelagets aksjonsdag 2011
Bondelagets aksjonsdag 2011 (29 bilder)
NBU Landsstevne 2010
NBU Landsstevne 2010 (29 bilder)
Vestlandet på dagsordenen
Vestlandet på dagsordenen (14 bilder)
Bonde for en dag
Bonde for en dag (9 bilder)

Mest kommenterte

Roar Grødeland vart "Årets unge bonde"

Svineprodusent Roar Grødeland frå Klepp i Rogaland er kåra til «Årets unge bonde 2010».

Markedet forsvant for økopoteter

Et prosjekt skulle sørge for at produksjonen av økologisk potet gikk opp. Men så forsvant markedet.

Nedgangen i talet på geitebruk må stoppast

Det er behov for meir geitemjølk her til lands. Då er det meiningslaust at produsentar som vil konve…

Økovekst i Coop Norge

Coop-butikkene solgte økovarer for 240 millioner kroner i 2010, en vekst på 4 prosent.

Mest lest


Investerer 18 millioner i fruktbarhetsforskning

SpermVital as skal investere 18 millioner kroner de neste tre årene for å videreutvikle en teknologi…


Provosert over kompetanseuttalelser

Erik Fløystad, fylkesleder i Aust-Agder Bondelag, er oppbrakt over uttalelsene til professor Karen H…


Fryktar at Hordaland vert utan meieri

Fylkesutvalet i Hordaland fryktar at Tine kan koma til å leggja ned meieridrifta i Hordaland, og at …


Stygge tall for FK Rogaland Agder

Underskudd på godt over 100 millioner kroner i Felleskjøpet Rogaland Agder, selv om kjernevirksomhet…


- Samvirke må ta kontakt med de unge

Samvirke må være mer offensive, og troppe opp på gården når de vet at det er et generasjonsskifte på…

Tun Torget

Landbrukets markedsplass

Her finner du det du ikke finner andre steder.

Siste fra andre tema

Næringsutvikling

TREFFPUNKT: Storfekafeane er eit fagleg og sosialt treffpunkt for Nortura-eigarar som driv storfeproduksjon. Her frå Nortura Forus,  til venstre Arnstein Røyneberg og Arne Rege, til høgre Åsgeir Åsland og Kjetil og Hege Nilsen. I februar er det igjen duka for storfekafe på dei tre Nortura-anlegga i Rogaland.

Suksess for storfekafear hos Nortura i Rogaland

I Rogaland har Nortura stor suksess med sine storfekafear, som regelmessig vert arrangert på dei tre anlegga på Forus, i Egersund og Vindafjord.

SpermVital investerer 18 millioner i forskning

Vil ha veterinærene mer synlige

Investerer 18 millioner i fruktbarhetsforskning

Vil styrke miljøinnsatsen i landbruket

Matjorda i Tyskland bygges ned

Tun Media

Tun Medias publikasjons- portefølje retter seg mot kvinner og menn som lever og bor i det moderne Bygde-Norge og til andre med sans for den landlige livsstil.

Rekruttering av ungdom til utdanningsporgram naturburk ved de videregaende skolene.