Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Set av 20 millionar til ulvekommunar

Ny tilskuddsordning for kommunar i ulvesona.

Kommunar i ulvesona skal få penger til næringurvikling og tenester, lovar miljøminister Vidar Helgesen. Foto er frå rovviltmøte hos Merete Furuberg, i forkant av regjeringa si stortingsmelding om ny rovdyrpolitikk. (Foto: Anders Sandbu)

Miljøminister Vidar Helgesen set av 20 millionar kroner til ei ny tilskotsordning for kommunar i ulvesona, skriv regjeringen.no.

– Pengane skal bidra til å minke belastningar som nokre opplever i område med ulverevir. Vi tek også eit viktig skritt for å auke kunnskapen om ulv og sørge for ei tett oppfølging av ulvebestanden. Meir kunnskap kan bidra til å redusere konfliktar, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Næringsinteresser og tenestetilbod

Kommunar med ulverevir vil få administrere ei eiga tilskotsordning på 20 millionar kroner. Disse pengane kan til dømes brukast til tilskot til særskild rørte næringsinteresser, til tenestetilbod, eller til næringsutvikling.

Det vil vere opp til kommunane å bestemme fordelinga av tilskot. Kommunane har lokal kunnskap om kor belastninga er størst. Kommunane vil få eit større ansvar og moglegheit til problemløysing lokalt.

Les meir: Lovendringsforslag sables ned

Det er sett av 7,4 millionar kroner til radiomerking av ulv og til ei vidare tett oppfølging av ulvebestanden. Merkinga vil gje informasjon om korleis ulvane oppfører seg i busette område og korleis den vandrar, skriv departementet.

Husdyr og tamrein

Annonse

Dette vil gje eit betre grunnlag for fortløpande vurdering av ulvanes skadepotensial på husdyr og tamrein og åtferd i forhold til menneske.

Auka kunnskap gjev eit betre grunnlag for å vurdere skadepotensialet.

Regjeringa set av 12,6 millionar kroner til ulike prosjekt som har som fellesnemnar at den auka kunnskapen vil ha ein konfliktdempande effekt.

Det kan handle om kunnskap om ulvens åtferd og skadepotensial, om ulvens effekt på økosystemet, men også om folks haldning til ulv og når den oppfattast som nærgåande.

Neste artikkel

– Fortsatt mulig å oppnå null-sult innen 2030