Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Framleis stor avstand

Partane i jordbruksoppgjeret held fram med møter.

Merete Furuberg og Lars Petter Bartnes ved overleveringa av statens tilbud den 5. mai. Dei er i nye forhandlingsmøte med staten og Leif Forsell. (Foto: Linda Sunde)

Partane er i gang med nytt møte. Dei starta klokka 10 måndag føremiddag, etter å ha forhandla gjennom heile helga.

Leiar i Bondelaget, Lars Petter Bartnes kommenterte situasjonen slik til Nationen måndag morgon:

– Forhandlingane strammar seg til. Utfallet er uvisst. Det ser svært vanskeleg ut og det er framleis stor avstand mellom partane, seier Bartnes til avisa.

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag overleverte sitt samla krav til årets jordbruksforhandlingar til staten 26. april.

Bondekrav er på 1450 mill. kroner i ramme, fordelt på 1150 mill. kroner i auka budsjettstøtte, 150 mill. kroner i auka målpris, 71 mill. krobner i auka effekt av jordbruksfrådraget og 79 mill. kroner i ledige midler.

Annonse

Det skal gi 31 700 kroner pr. årsverk.

Tilbodet frå staten er på 410 mill. kroner i ramme, fordelt på 177 mill. kroner i auka budsjettstøtte, 150 mill. kroner i auka målpris, 4 mill. kroner i auka effekt av jordbruksfrådraget og 79 mill. kroner i ledige midler.

Det skal gi 8100 kroner pr. årsverk.

5. mai tok imot jordbruket statens krav, og tysdag 9. mai sette partane seg ved forhandlingsbordet. fristen for å bli einige går ut i dag, måndag 15. mai.

Neste artikkel

Samarbeid har gitt felles løft