Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Brot om jordbruksoppgjeret

Venstre, KrF, Ap, Sp og SV ueinige.

Næringskomiteen hadde opphavleg frist til 8. juni med å gi frå seg innstilling i saka, men det var alt tidlegare denne veka klart at fristen ville ryke. Stortinget skal behandle oppgjeret 16. juni. (Foto frå demonstrasjonen i Oslo den 23. mai)

Torsdag kveld braut forhandlingane mellom Venstre, KrF, Ap, Sp og SV om jordbruksoppgjeret saman.

– Vi har forsøkt å finne ei løysing som både når måla i landbruksmeldinga, tar vare på forhandlingsinstituttet og sikrar ein ansvarleg pengebruk for landet. Det har dessverre ikkje lykkast, seier Venstre-leder Trine Skei Grande til NTB.

Les meir: Bartnes: – Gode og viktige signaler

Ifølgje leiar i næringskomiteen, Geir Pollestad (Sp), var det Venstre som braut forhandlingane. Partiet ville ikkje auke ramma for oppgjeret opp mot 790 millionar kroner, skriv Nationen.

– Venstre braut forhandlingane. Dei meinte 790 millionar kroner var for mykje pengar. Venstre har gått bort frå politikken som ligg i jordbruksmeldinga, seier Pollestad.

Annonse

For å kome opp på nivå med inntektsveksten for andre grupper må ramma for jordbruksoppgjeret aukast til 790 millionar kroner viser utrekningar. Så langt var ikkje Venstre villige til å strekke seg, ifølgje Pollestad.

– Vi var villige til å gå ned til 770 millionar kroner for å imøtekome Venstre, men det var ikkje vilje i Venstre til å finne løysingar, seier Pollestad til avisa.

Les meir: – Staten bruker manipulering og kreativ bokføring

Neste artikkel

Inviterte politikarane på frukost