Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil hindra fleire spaltegolvkollaps

Fleire golvkollapsar har ført til at mange sauebønder kvir seg for å gå inn på spaltegolvet i sauehuset. No oppmodar Arbeidstilsynet og Mattilsynet bønder med golv tilsvarande dei som har svikta å ta kontakt med leverandøren for å kartleggje behovet for eventuelle sikringstiltak.

Uro etter golvsvikt: Arbeidstilsynet og Mattilsynet er uroa over at fleire golv i sauehus har kollapsa i det siste. Dei anbefaler faste rutinar for sjekk av konstruksjonen. Bildet er frå sauefjøset i Sandnes som svikta i mars.

Mattilsynet og Arbeidstilsynet klandrar ikkje bonden i Sandnes som rett før påske opplevde at golvet i sauehuset svikta. Tre sauer dauda medan kring 70 dyr etter iherdig innsats vart berga opp frå gjødselkjellaren.

Kort tid før uhellet var Mattilsynet og Arbeidstilsynet på eit ordinært tilsyn der det vart konkludert med at alt var i orden i det tre år gamle sauehuset.

Tilsynelatande i orden

– Eit optimalt, fleksibelt sauehus med bra miljø for dyra, som oppfyller krava til praktisk drift og god dyrevelferd, erfarte dei som var på tilsyn.

Noko har likevel vore gale, berekonstruksjonen under spaltegolvet tolte ikkje at om lag 90 dyr vart samla i eine enden av sauehuset i samband med vaksineringsarbeid.

Les mer: Reime leter etter årsak til gulvkollaps

– Bonden har i etterkant forklart kva som skjedde då golvet kollapsa, og han har gjort greie for kva tiltak som er sett i verk i etterkant. Han gjorde dei rette tinga, ringde naudetatane og sette i verk bergingsarbeid saman med bergingsmannskap og naboar for å sikra folk og dyr, seier veterinær og seksjonssjef planter og dyr for Sør-Rogaland, Sirdal og Flekkefjord i Mattilsynet, Ole Aamodt.

Påfallande mange golv

Sauebonden har etter uhellet vore i kontakt med både forsikringsselskapet og produsenten av golvet, Reime Agri. Nytt stenderverk, saman med eit mellombels stillas i gjødselkjellaren, er på plass for å unngå nye uhell.

– Bonden har komme opp i dette utan at han kan klandrast i det heile, understrekar Aamodt.

Å samla mange dyr på lite areal aukar belastinga på berekonstruksjonen, men Ole Aamodt meiner det er påfallande at så mange sauegolv har svikta i det siste.

Arbeidstilsynet og Mattilsynet i Rogaland har ikkje oversikt over alle saueprodusentar som har slike golv, men ønskjer at alle som veit at dei har tilsvarande golv er merksame på faren for at dei kan kollapsa og gjer nødvendige tiltak for å hindra at så skjer.

Kontakt leverandøren

Annonse

– Eg vil oppmoda alle med denne typen spaltegolv om å ta kontakt med leverandøren slik at eventuelle naudsynte tiltak for å forsterka golvet kan utførast.

– Mange sauebønder, også med andre typar spaltegolv i sauehusa sine, er uroa. Kva råd har du til desse?

– Det er i utgangspunktet husdyreigar og byggherre som har ansvaret for dyrevelferden og for at golvet er trygt. Er du usikker, bør du ta kontakt med produsenten av golvet. Ta med deg kyndige folk på synfaring, og vurder også belastninga som golvet blir utsett for når dyra stimlar saman, tilrår Aamodt.

Bonden sitt ansvar

Seniorinspektør i Arbeidstilsynet, Arnstein Kartevoll understrekar at bøndene bør sjekka sauegolvet, uansett fabrikat og forhandlar.

Han er mykje ute på tilsyn og erfarer at mange sauebønder har blitt utrygge i det siste, og at enkelte rett og slett kvir seg for å bevega seg inn på golvet. Det kan han forstå.

– Som bonde har du ansvar for både folk og dyr. Ingen vil senda avløysaren eller ungane inn i sauehuset utan å vera sikre på at golvet er trygt, seier han.

Kartevoll sin jobb er å forhindra ulukker, skadar og tap av menneskeliv.

Fryktar det verste

– Det er klart at me fryktar at det verste skal skje – at menneskeliv skal gå med. Det må me gjera alt for å unngå, seier Kartevoll, og oppmodar bøndene om å laga seg faste rutinar der dei sjekkar golvet, og at berarane ligg føreskriftsmessig på plass på dragarane.

Les meir i Bondebladet denne veka.

Neste artikkel

Innovasjon Norge prioriterer ikke korntørker i Trøndelag