Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Utviklar nye kveitesortar

Graminor utviklar kveitesorter som er betre tilpassa klimaendringane.

Graminor sitt internasjonale forskingsprosjekt skal utvikle nye kveitesortar som er betre tilpassa klimaendringane enn dei sortane vi har i dag. Prosjektet er tildelt 16 millionar kronar.

– Graminor gjer ein svært viktig jobb med å utvikle morgondagens kveitesortar som er tilpassa norske veksttilhøve. Sjølv om klimaet i Norge vert endra vil vi fortsatt kunne dyrke norsk kveite som har ein stabil bakekvalitet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Les også: Ugrassprøyting sved av åker

Med klimaendringane reknar ein med meir vind og nedbør. Difor blir det arbeidd med å finne kveitesortar som toler nedbør betre, slik at ein sikrar god bakekvalitet basert på norskprodusert kveite.

Annonse

Forskingsprosjektet blir eigd og leia av Graminor og er finansiert av Forskningsrådet. Målet med prosjektet er å ta i bruk nye foredlingsverktøy som kan effektivisere Graminors kveiteforedlingsprogram. Graminor samarbeidar med NMBU, Nofima, Strand Unikorn, Norges Møllene, CIMMYT, MIPS, University of Adelaide, Sichuan Academy of Agricultural Sciences.

Les også: Klima: – Verre enn du har hørt

Neste artikkel

Innovasjon Norge prioriterer ikke korntørker i Trøndelag