Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ureiste råvarer frå slottshagen i Rosendal

Bugnande friske grønsaker til gjestene på Baroniet.

Frå hagen: Mange menyar er bygde rundt råvarer frå den nyrestaurerte kjøken- og urtehagen ved Baroniet, fortel Ingvill Traavik Sture og Renaud Girardot.

Baroniet i Rosendal, frå 1665, er det minste slottet i Skandinavia. Ein 300 år gamal renessansehage, og mektig utsyn mot fjord, fjell og fossefall, har gjort slottet i Kvinnherad kjent som ein av dei største attraksjonane på Vestlandet.

Slottet er mellom anna kjent for den vakre landskapsparken, og for eit rikt kulturprogram med konsertar, teater, foredrag og kunstutstillingar.

Les mer: Landlig suksess på Hedmarken

I 1850-1870-åra vart det etablert ein stor kjøkkenhage, med svært mange nyttevekstar, i hagen til Baroniet.

Gjennom heile sesongen

I perioden frå 1998 til 2005 vart kjøkkenhagen restaurert, og no vert avlingane av økologisk grønsaker, krydderurter, bær og frukt nytta av kafeen og av storakjøkenet på Rosendal avlsgard.

– Vi brukar dei friske råvarene frå kjøkken- og urtehagen gjennom heile sesongen. Det vert hausta dagleg, og alt blir laga til her i drivhuset og på kjøkenen til avlsgarden. Det er veldig kjekt å kunne fortelje gjestene om råvarene vi dyrkar sjølve. Mange av gjestene set stor pris på dette, fortel Ingvill Traavik Sture, ansvarleg for drivhuset ved Baroniet.

I tillegg til mange ulike salatar og urter, dyrkar dei mellom anna mais, grønkål, vårløk, kvann og bønner i kjøkenhagen.

Rosendal Havecafé & Butikk brukar frukt, bær, rabarbra og urter i sjølvlaga saft, syltetøy, juice og bakverk.

Mange lokale produkt

– I tillegg legg vi vekt på å bruke andre lokale råvarer, mellom anna Sundepølse, fisk frå Hjønnevåg i Uskedalen og Isrosa, økologisk is frå Herøysundet, fortel Traavik Sture.

Ein kan sitja innandørs i hagekafeen, eller under glastak i drivhuset. Utsikten mot Baroniet, med Malmangernuten i bakgrunnen, er det lite å klage på.

Renaud Girardot kjem frå Frankrike og er kjøkkensjef i kafeen. Han fortel at lokale råvarer er viktig, og at det er ein viktig del av mattilbodet ved Baroniet.

– Vi har ikkje eigne råvarer av kjøt, men til neste år er planen å bruke eigne lam her på Baroniet, fortel Girardot.

Sundepølse frå nabogarden

«Mange av gjestene set stor pris på dette

Ingvill Traavik Sture
Annonse

Sundepølsa vert produsert av Rosendal gardsmat, som ligg like ved Baroniet. Pølsa står sterkt i Kvinnherad, både som helgemat og selskapsmat.

– Vi fekk kjøpt den gamle oppskrifta av Sundepølsa, bygde nytt produksjonslokale og starta med produksjon her i 2001, fortel Åshild Mehl.

Det er ho og mannen, Oddvar Mehl, som driv produksjon og utkøyring av pølsa. Han arbeider som tømrar i tillegg.

Dei produserer 20 tonn med Sundepølse i året, og i 2015 fekk dei gull i NM for kjøttprodukt for pølsa.

Råvarene, storfe og svin, kjem frå Fatland sitt slakteri i Ølen. Pølsa er mjølk- og glutenfri, har rå kjerne, og inneheld 88 prosent kjøt.

– Det gjer at mange som har allergi, kan eta pølsa. Det er ikkje kunststoff i ho, fortel Mehl.

Bruker older i røykinga

Åshild Mehl brukar mørk older, altså gråor, i røykeprosessen. Det er nok med på å gjere pølsa så populær, meiner ho, som leverer til mange butikkar i Kvinnherad og på Stord.

Dei to leverer også pølsa til Kvam fruktlager, som sel mange lokale produkt i butikken.

– Pølsa har kort haldbarheit, så vi må ha veldig god kontroll på logistikken. Eg vil helst produsere måndag og tysdag, for utlevering tysdag og onsdag. Juli er den travlaste månaden for meg. Då er det mange heime på ferie her i Kvinnherad, og dei vil jo ha Sundepølse, seier pølsemakaren og ler godt.

Les meir: Suksess etter «omstart» i Uskedalen

Neste artikkel

Innovasjon Norge prioriterer ikke korntørker i Trøndelag