Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sel fjelljordbær fram til oktober

Bæra har unik smak og kvalitet, meiner mange kundar.

Travel haust: Fjellklima og den lange vekstsesongen i Bergsdalen er med på å gje jordbæra og grønsakene ein unik smak. August og september er toppsesong for Ragna Lid og dottera Elisabeth i Bergsdalen i Vaksdal kommune.

Det er august og går fort mot skulestart, men hos Ragna Lid og Arnfinn Trøen i Bergsdalen er jordbærsesongen så vidt i gang. Her haustar dei jordbær fram til frosten blir for hard, vanlegvis i oktober.

Dalen mellom Dale og Voss er eit ynda fjellområde for mange fjellturistar. Her ligg nærmare 800 hytter, og mange stoppar for å kjøpe jordbær og grønsaker på Bergsdalsgarden.

– Me har godt bærsal ved vegen her. Det er ikkje dette salet som gir størst volum, men nettoen vår er best på dette, fortel Arnfinn Trøen.

Dei to byr på nyplukka jordbær ved vegen kvar dag, og leverer i tillegg til Bama og til nokre butikkar i nærområdet.

Ragna Lid og Arnfinn Trøen overtok garden etter foreldra hennar i 1987. Dei har mjølkeproduksjon i samdrift med naboen, 70 tonn, har 20–25 vinterfôra sauer og dyrkar ein del grønsaker på friland.

Men no er det jordbær for alle pengane, og det er her dei tener mest pengar. Dei har vald å satsa på sortane Polka og Bounty, den siste er vanlegvis ei veke seinare enn dei andre jordbærsortane.

– Polka har me hatt i 10-12 år, og Bounty er me også godt nøgd med. Det er mange som ikkje vil dyrka denne, fordi han er so sein. Men bæra får mykje av våre faste kundar, fortel Ragna.

7 000 tonn med stein

Fram til 2013 hadde Ragna og Arnfinn 3-4 dekar med jordbær på friland. I 1990 bygde dei plasttak over jordbærplantene, noko som var til stor hjelp .Dei kom til eit stadium kor dei måtte velja – å satse stort eller halde fram som før.

– Det var då vi bestemte oss for å starta med plasttunellar, seier Trøen.

Med god hjelp frå dei tre ungane har dei to dyrka opp rundt 20 dekar med jordbærplanter under plasttunelar, og 20 dekar til er under planlegging.

Arnfinn har kjøpt inn både gravemaskin, hjullastar og eit rakleverk. Båda han og sonen Eivind handterer gravemaskin og hjullastar.

– Me har grave opp 7 000 tonn med stein frå dette arealet. Steinen er sortert og alt saman er brukt til drenering og til å byggja nye vegar til og på feltet, fortel han.

Plasttunnelane har han utvikla sjølv, og fått dei produsert i Kina.

– Me er godt nøgd med tunnelane, og har fått god støtte frå Innovasjon Norge, rundt 1 million kroner, til etablering av feltet, nytt driftsbygg og til plastunellar.

Kjølelager og kantine

I 2016 hausta Ragna og Arnfinn rundt 18 tonn med jordbær og hadde ei omsetning på ca. 1,2 millionar kroner på bæra.

«I 2015 låg det 40 cm med snø på det øverste jordbærfeltet den 1. juni»

Arnfinn Trøen
Annonse

Dei to har nyleg bygd nytt kjølerom med kantine og sanitæranlegg, og ny salsbu står klar ved vegen, men det stoppar ikkje her:

Dei har store planar om meir – nytt husvære for alle plukkarane, og vindmølle og solcellepanel for å skaffa lokal straum.

– I år har me 20-25 plukkarar, frå mange ulike land, til å hjelpa oss i haustinga. Nokon er her frå mai til oktober, men dei fleste kjem for kortare periodar, fortel Ragna og legg til:

– Nokon tar kontakt på Facebook, men andre kjem via vener og familiemedlemmer. Dei får utlevert knebeskyttarar og nye eingangshanskar kvar dag, og det er ikkje så vanleg andre stader. Mange kjem tilbake år etter år.

På sikt vil Ragna og Arnfinn ha bruk for mange fleire plukkarar i sesongen

Nye utfordringar kvart år

Arnfinn dyrka jordbær på Voss før han og Ragna starta opp i Bergsdalen. Det er ikkje arbeid for folk med tynnslitne nervar dette, meiner han.

– Det er som regel ei ny overrasking kvart år. Mus tok knekken på rundt halvparten av plantene eitt år, og i år dukka haren opp. Me har gjerde mot hjorten rundt heile plantefeltet, men det stoppa ikkje haren. Planen no er å bruka eit finmaska gjerne mot mus og hare på den nedste delen av gjerdet, seier Trøen.

Andre utfordringar er kulde i bløminga og flaum. Dei brukar fiberduk mot kulde både vår og haust, og kjøper inn humler for pollinering. Men kulden kan fort stoppe humlene.

– I 2015 låg det 40 cm med snø på det øverste jordbærfeltet den 1. juni. Då vart det ein veldig sein start, og i tillegg var det ein dårleg sommar, så det var ikkje noko bra år for oss, fortel Trøen.

Mykje regn – lite kjemikaliar

Regnet er heller ingen spøk, sjølv om det meste av bæra er under kraftige plasttinnelar.

– Bergensarane har ingenting å klaga over. Her har vi rundt 3 000 mm med nedbør i året. og elva som går gjennom dalen her kan gjera mykje skade, særleg dersom det blir flaum midt i sesongen, fortel Trøen.

Plantevernmiddel er ein svært liten utgiftspost i rekneskapen til Ragna og Arnfinn.

– Me sprøyter ikkje mot ugras eller skadedyr. I år har eg brukt soppmiddel to gangar mot gråskimmel, det er alt, seier Trøne og legg til at å dyrke jordbær so høgt over havet er for spesielt interesserte.

Interessa for dei søte og velsmakande bæra er nok over normalen for familien Lid Trøen. •

Neste artikkel

Innovasjon Norge prioriterer ikke korntørker i Trøndelag