Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rogalandsbonde: Ikkje lufta dyra på 36 år

No kan han vente seg bot.

Bot: Mattilsynet har varsla at rogalandsbonden vil få ei bot på over 50 000 kroner. (Foto: Arkivfoto)

Då Mattilsynet og dyrevernsnemnda var på tilsyn hos bonden på seinsommaren i år, var alle storfe i dyrehaldet inne i fjøset.

Bonden opplyste til Mattilsynet at ingen dyr hadde vore ute på beite eller i luftegard i 2017.

Samstundes opplyste bonden det ikkje hadde vore nokon dyr ute på beite i besetninga sidan 1981 – altså på 36 år.

Det skriv NRK Rogaland på si nettside.

Bonden har fått gjentekne pålegg om å lufta dyra dei siste to åra. Men trass i dette har ikkje dyra vore ute. Det gjeld både mjølkekyr, gjeldkyr og ungdyr.

Annonse

I ei førehandsvarsel til bonden karakteriserer Mattilsynet saka som «et alvorlig brudd på regelverket» og varslar ei bot på 50 352 kroner til bonden.

– Dette er synd. Vi har ei forskrift om storfehald som seier at alle storfe skal sikrast fri bevegelse og mosjon i minst åtte veker. Då er det vår jobb å følgja det regelverket, seier leiar i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit, til NRK Rogaland.

Overfor NRK avviser bonden at han ikkje har lufta dyra på 36 år.

Neste artikkel

Svenske kalkuntyver straffet