Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Prøver aprikos i morellbygda

Kari Sigrun lukkast med morellar. Nå prøver ho aprikos.

Roen senkar seg hos Kari Sigrun Lysne i Lærdal no på seinhausten. Lakse­fiskarane har pakka bort flugestengene. Frukt og bær er hausta, plukkarane har reist og lamma er levert. No er det bonden, hunden og dei vinterfôra sauene som er att på Midt Ljøsne.

Kari Sigrun Lysne er ein av produsentane som har lukkast med morellproduksjon i Lærdal, og no prøver ho ut aprikos og tindved. Engasjement for næringa har ført Lysne inn i fylkesstyret i Sogn og Fjordane Bondelag og Grøntutvalget i Norges Bondelag.

– Det er viktig å få frukt, bær og grønt inn i diskusjonane. Her i Lærdal har me gode miljø for bringebær, frukt, grønt og poteter. Men næringa har store utfordringar, blant anna tollvernet. Frukt- og grøntprodusentane får lite overføringar, men det er bra at Lærdalsbøndene får distriktstilskot fordi det er lang veg til marknaden, seier Lysne.

Ho meiner det er dyrt å produsere i Norge med høgt pris- og lønnsnivå og mykje frakt.

– Alle som driv konvensjonelt med frukt og grønt har eit felles ønskje om middel over jordbruksoppgjeret for å få godkjent nye sprøytemiddel ein har bruk for i små kulturar. Kampen står ofte mellom korn, kraftfôr og gras, men frukt og grønt er viktig i område kor desse produksjonane er store. Men det er vanskeleg å bli nok synlege nasjonalt, seier den engasjerte fruktbonden.

Les også: Kraftig økning for økologisk grønt

Prøver aprikos

Ein kan ha eit morelltre i 20–30 år, men i praksis byter ein som regel oftare, også for å byte sortar. Mykje areal er i bruk for å prøve ut nye kulturar, som aprikos.

Kari Sigrun sette 500 aprikostre for to-tre år sidan som ikkje har ordentleg bæring enno, men aprikos har ho veldig tru på fordi han smakar så godt.

– Det er fantastisk dersom me får til kortreist aprikos med god smak til den norske marknaden, seier ho.

Apriskostrea står i tunnel, blomstrar samstundes med moreller, og er like utsett for frost. Frukta blir hausta i august, mot slutten av morellsesongen.

Annonse

Totalt er det planta ca. 2 000 aprikostre i Lærdal. Ideen til å prøve aprikos kom på studieturar til Mellom-Europa.

– Me såg at der dei dyrka moreller hadde dei også aprikos. Då kunne me vel gjere den same koplinga i Lærdal, seier Kari Sigrun, og legg til at ho lærer mykje på årlege studieturar i regi av Lærdal Grønt:

– Me plukkar opp nye ting heile vegen, både når det gjeld tildekking, skjering og frosttiltak. Derfor dyrkar me moreller på ein annan måte no enn då me starta i 2000, seier Lysne.

Les også: Går unna med norske eple

Tindved neste?

Tindved, også kjent som havtorn, er ein annan spennande produksjon ho prøver ut, førebels med ti planter. Dette er eit knalloransje bær med mykje smak, som struttar av C-vitamin og antioksidantar.

– Tindved er eit spennande produkt for norsk kjøkken. Kanskje me med våre jord-, sol- og temperaturforhold kan få fram eigne smakar? Hotellkokkar er interessert i nye produkt. Då får også folk flest augo opp for nyhende. Mat er veldig trendy, seier Lysne som satsar ein del pengar på å prøve ut nye ting.

– Ingen gjer det for deg, og du må jo vidare. Det ligg ei drivkraft i det, du må vere typen som ønskjer å få til det vanskelege, seier Kari Sigrun Lysne.

Les heile saka i denne vekas Bondebladet!

Les også: Meiner bærbonde driv sosial dumping

Neste artikkel

Vil ha ned vekta på både gris og lam