Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Meiner Reime spring frå ansvaret

Bodhild Fjelltveit saknar skikkeleg oppfølging frå Reime Agri.

Bodhild Fjelltveit frå Haugsdalen i Bergen er sauebonde og første vararepresentant i styret i Norges Bondelag.

Ho kjenner seg ikkje trygg på at golvet i sauehuset hennar, som vart teke i bruk i 2014, er sikkert for folk og dyr.

– Hos oss er det er uvissa som rår, etter alt det som har skjedd med Tulla systemgolv. Slik skulle det ikkje vore, seier Fjelltveit.

Har venta og venta

Sauebonden meiner kommunikasjonen mellom Reime og kundane har vore for dårleg

– Reime har vore utydelege. Vi, som har hatt golv og som ikkje har hatt uhell, har ikkje høyrt noko frå produsenten. Ingen har kontakt oss, ingen har sendt sikringselement til oss, og ingen har laga gode og brukarvenlege bruksanvisningar for verken golvet eller sikringselementa, seier ho.

Fjelltveit meiner informasjonen frå produsenten er vanskeleg tilgjengeleg.

– Det er langt frå alle som er på nett og sjekkar heimesida til Reime til ei kvar tid. Eg hadde venta at dei hadde teke kontakt og gitt råd om sikringstiltak. Det trur eg gjeld dei fleste av dei kring 200 andre sauebøndene med denne typen golv også.

Fryker for liv og helse

Eit produkt som blir seld, og som syner seg å ikkje halda mål, gir eit ansvar til produsenten om oppfølging, meiner Bodhild Fjelltveit.

Ho meiner det er flaks at det berre er eit fåtal dyr og ikkje menneske som har gått med når golva har svikta.

– No er det slik at vi må tolka informasjon og finna ut av kva tiltak me skal gjera på eiga hand. Det er ikkje godt nok. Vi har hendene fulle av anna arbeid.

– Monterte de sikringsankera sjølve?

– Ja, etter at vi sjølve tok kontakt med Reime på eit tidlegare tidspunkt. Seinare tilgjengelege sikringselement har vi ikkje fått tilbod om.

«Det er ikkje greitt å la bonden stå att med rekninga»

Bodhild Fjelltveit
Annonse

– Har de utført andre utbetringar med golvet og?

– Nei, og vi har heller ikkje motteke noko anna enn ankera frå Reime.

Mange spørsmål

– Er de trygge på at dette gjer golvet sterkt nok?

– Nei, ikkje i det heile. Vi stiller spørsmålsteikn ved fleire av sikringselementa som Reime introduserer på heimesida si. Dragarane er i galvanisert stål, sikringselementa kjem, tilsynelatande, i rustfritt stål. Ankera gneg på dragaren, og det vil garantert oppstå korrosjon. Kva som skjer med dragaren under plastrister og strekkmetallrister er ikkje lett å sjå, seier Fjelltveit.

– Reime uttrykker at dei kjenner på alvoret i situasjonen, men då må dei også ta inn over seg at skal vi verta trygge i fjøset vårt, så må det nye, stabile dragarar på plass.

Feil at kjøparane må betale

– Reime Agri har uttalt at dei ikkje vil dekke arbeidskostnadane kundane har med å sikre golva. Kva synest du om dette?

– Det er ikkje greitt å la bonden stå att med rekninga. Vi har kjøpt eitt produkt som er lova å vere som skapt for dette formålet. Når det no viser seg at produktet ikkje held stand, handlar det om å ta ansvar for dette. Eg undrar meg over at Reime ikkje tek dette ansvaret.

– Korleis påverkar dette arbeidsdagen din med sauene?

– Arbeidsdagen min med sauene er mykje lik det den alltid har vore, men vi tek andre forholdsreglar når vi arbeider i fjøset. Det er klart vi tenkjer meir på kva som kan skje enn vi har gjort tidlegare. Ungane får til dømes ikkje lenger vere med i arbeid som inneber at dyra må samlast på mindre areal innomhus.Vi hadde klippekurs i fjøset førre helg, og det er klart det er med ein viss uro vi sender deltakarane inn på golvet. Det same gjeld når veterinær om litt kjem for å vaksinere påsettlam. Det er ikkje ein kjekk situasjon for oss som brukar store deler av døgeret vårt på dette golvet.

Bodhild Fjelltveit synest det er bra at Bondelaget har vore på denne saka frå tidleg i vår.

– Det viser at vi har ein organisasjon som bryr seg om den enkelte bonde. For meg betyr det mykje at Bondelaget får ei oversikt over dei juridiske ansvarsforholda i saka, og det er klart det vil ha stor betyding om det skulle vise seg at det vert kollektiv sak mot Reime.

Neste artikkel

Reime inngår avtale om sauegulv med Gjensidige