Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Må kompensere for dei særnorske ulempene

Meiner landbruket går i feil retning.

Bøndene må driva eit landbruk som tiltalar samfunnet, meiner professor i nyskaping og bygdeutvikling, Dag Jørund lønning.

I haust har to professorar stått fram og hevda at det norske landbruket har blitt for effektivt og straumlineforma.

– Industrialiseringssporet går i fullstendig feil retning. Me må snu 180 grader før det er for seint, seier professor i nyskaping og bygdeutvikling, Dag Jørund Lønning.

Under Arendalsuka i august tok professor Odd Magne Harstad ved Institutt for husdyr- og akvakulturlandskap, NMBU, til orde for eit norsk landbruk med utnytting av heile ressursgrunnlaget, inkludert dei mindre bruka og mangfaldet av småteigar.

Harstad ønskte ei teknologisk utvikling innan landbruket tilpassa dei praktiske tilhøva i distrikta, og ikkje motsett slik som i dag.

Lurer på kva som er framsteg

Same veka som sommarvarme politikarar møtte professor Harstad i Arendal, presenterte Dag Jørund Lønning, kåra til landets beste landbruksbloggar i 2014, ein blogg der han lurer på kva som er framsteg når den globale ressursbruken saman med klimautfordringane har ført kloten til kanten av stupet. Om dei globale utfordringane er store, treng ein ikkje gå utanom landegrensene for å sjå at det berer galt av stad, i følgje Lønning.

– Nei, norsk landbruk er ikkje berekraftig, understrekar Dag Jørund Lønning. Han er uroa over areal som blir tatt ut av drift og gror att. Og han liker dårleg effekten av at effektivitetspressa norske bønder har måtta løfta seg opp frå nærkontakten med jorda og opp på traktorsetet minst halvtanna meter over bakken.

Professoren er ikkje viljug til å definera seg sjølv som verken sær eller smal.

– Landbruksbloggen min blir lest av mange, eg får utruleg gode tilbakemeldingar på det eg skriv, folk skjønar at skal me produsera mat, stella kulturlandskap og ta heile landet vårt i bruk, går det ikkje an å saga over den greina vi sit på, understrekar han.

Treng godvilje hjå forbrukarane

Greina er den norske bonden sitt rotfesta forhold til natur og jord i eit særprega, langstrekt og småskala landbruk der berre tre prosent av landarealet er dyrka mark.

– I vårt strev etter å kikka ut over landegrensene for å effektivisera og strukturutvikla landbruket har me hamna fullstendig på sidelina. Eit berekraftig landbruk handlar ikkje berre om store maskinar på effektive areal. Norsk landbruk handlar om samspelet og dei sterke banda mellom menneske og dyr, jord og natur.

Ja, men det blir vel ikkje mat av det som litt flåsete kan kallast romantiske definisjonar. Me treng vel nettopp volum og effektive maskinar for å levera dei varene samfunnet krev?

Annonse

– Norsk landbruk treng godvilje og interesse hjå forbrukarane. Bøndene må driva eit landbruk som tiltalar samfunnet. Held trenden fram med stadig strukturutvikling, større einingar og ditto maskinar, vil landbruket si multifunksjonelle rolle forsvinne. Det er ikkje særlig sosialt, og det er absolutt ikkje biologisk berekraftig med tanke på alle dei munnane som skal mettast i tiåra som kjem. Menneska, matjorda og naturen må vera i fokus, understrekar Lønning.

ikkje bøndene sitt ansvar åleine

Korleis vil du snu trenden og skapa eit berekraftig landbruk?

– Det er ikkje bøndene sitt ansvar åleine. Me treng eit samfunnsansvar. Slik det er no, legg dei politiske føringane opp til storproduksjon i konsentrerte klynger i dei områda av landet som er mest produktive, medan bøndene i spreidde bygder og tronge fjordarmar tel på knappane om dei skal halda fram med sine 20 kyr og 100 dekar dyrka jord fordelt på 12 bratte småteigar. Den trenden er alvorleg. Det at areal går ut av drift er rett og slett kritisk.

Dag Jørund Lønning ønskjer eit framtidig landbruk prega av breidde og mangfald. Han ønskjer raust med plass i mangfaldet til unge idealister med friske augo som ønskjer å finna farbare vegar med å driva i pakt med dei naturgitte ressursane på garden.

– I dag har me fått eit smalspora landbruk for spesielt interesserte, meiner han.

– Me treng ein landbrukspolitikk der viljen til å kompensere for dei særnorske ulempene ligg i botn. Å produsera mat her i landet kostar.

Noko av det viktigaste er å ha ein landbrukspolitikk som saman med storsamfunnet legg til grunn at me skal auka matproduksjonen basert på dei naturgitte ressursane. For å få det til trengs, i følgje dag Jørund Lønning, ei forståing av det grunnleggjande: Industrialisering er ikkje framtidsretta.

– Når det menneskelege forsvinn i maskinar, volum og mekanikk, forsvinn også grunnane til å vera bonde. Då forsvinn skapargleda, då forsvinn behovet for kreativitet, då forsvinn den lokale kunnskapen, og då forsvinn trivselen. Og forsvinn bonden, forsvinn viktige delar av bygdenæringane som heile vår spreidde samfunnsstruktur er tufta på. Det er kanskje det mest alvorlege for samfunnet vårt.

Professor Dag Jørund Lønning er ikkje særleg komfortabel med gjeldande landbrukspolitikk og ønskjer det han kallar ei radikal endring.

– Me toler ikkje mange fleire slike landbruksoppgjer som me har hatt dei siste åra.

Neste artikkel

Innovasjon Norge prioriterer ikke korntørker i Trøndelag