Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klart for kokkekamp-finale

Kokkekampen gjer ungdom kjende med lokalmat.

Kokkekamp: Formålet med kokkekampen er å la ungdommane lokalt få kjennskap til landbruk, reiseliv, lokal produsert mat og at kokkeyrket er ein aktuell yrkesveg i distrikta. På bildet ses Ranveig Amlie (20) og Hege Amlien (20) da de vant NBU-mesterskapet i kokkekamp i 2012. (Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun)

Kokkekamp 2016 nærmar seg! Torsdag 21. april blir det siste arbeidsgruppemøte i Kokkekampen før finala.

Kokkekampen vil gå av stabelen i Vågåhallen i Gudbrandsdalen onsdag 4. mai. Laga er nå i innspurten i å trene på rettane dei skal koke i finala.

Kokkekampen er ei mattevling mellom alle dei åtte ungdomsskulane i Nord-Gudbrandsdalen der eit lag på fire personar, to gutar og to jenter frå kvar skule, deltek i sjølve kokkekampfinala. Gjennom skuleåret blir elevane i 9. trinn ved desse skulane kjent med lokalprodusert mat og får innsikt i kokkeyrket.

Les også: Ny bondelagskokk

Formålet med kokkekampen er å la ungdommane lokalt få kjennskap til landbruk, reiseliv, lokal produsert mat og at kokkeyrket er ein aktuell yrkesveg i distrikta.

Annonse

Nytt i år er at det under finaledagen blir arrangert ei elevbedriftsmesse. Alle tema kokkekampen tek for seg er nært knytt til entreprenørskap. Saman med Ungt Entreprenørskap jobbar Kokkekamp med å la ungdom få smaken på å skape si eiga bedrift lokalt.

Kokkekamp er eit samarbeid mellom Gudbrandsdalsmat SA, Opplæringskontoret Brimikjøken og Regionkontoret for Nord-Gudbrandsdal.

Les også: Her serveres de mest gyldne måltidene for eldre

Neste artikkel

Innovasjon Norge prioriterer ikke korntørker i Trøndelag