Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kjøttproduksjonen øker

Kjøttproduksjonen i første halvår økte med 2,5 ps.

I løpet av det første halvåret i 2017 blei det til saman produsert over 164 000 tonn kjøt. Det er 2,5 prosent meir enn i den tilsvarande perioden i fjor, viser ny slaktestatistikk frå Statistisk sentralbyrå.

Vel 40 prosent av den totale kjøtproduksjonen i første halvår 2017 var svinekjøt, medan 32 prosent var fjørfekjøt og 24 prosent storfekjøt.

Rogaland aleine stod for 25 prosent av den totale kjøtproduksjonen i dei seks første månadene i år, medan produksjonen i Nord-Trøndelag og Hedmark utgjorde 14 og 13 prosent av totalen.

Frå første halvår 2016 til første halvår 2017 auka produksjonen av fjørfekjøt med 5 400 tonn, medan det for svinekjøt var ein nedgang i produksjonen på 1 900 tonn. Produksjonen av storfe- og sauekjøt auka i den same perioden med respektive 300 og 200 tonn.

Annonse

Les også: Vil selge sau som kjøttdeig og hundefôr

Les også: Arne Olav er lei av sutrete bønder

Neste artikkel

Travel og lærerik dag med Dale