Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Godt nøgde med helgehandelen

Paul Sindre Vedeld kjøpte ny elektrisk minilastar.

Paul Sindre Vedeld og sonen Pål Kristian ser fram til å ta i bruk den nye minilastaren i fjøset. Han skal brukast i fôringa morgon og kveld.

Med minimal støy og null eksos er elektriske minilastarar særleg godt egna for innandørsbruk, for eksempel til fôring i fjøs.

– Vi har ein Avant minilaster frå før og er veldig nøgde med han. Men når eg såg video med den nye elektriske modellen, var eg ikkje i tvil. Ein slik ville vi har, seier Paul Sindre Vedeld (51) frå Rovde i Vanylven.

Han er på messa saman med sonen, Pål Kristian Vedeld (23). Dei to kjøpte den fyste minilastaren av denne modellen her i landet gjennom FK Agri.

Les meir: Disse 12 nyhetene møter deg på Bedre Landbruk

Paul Sindre driv med mjølk og eggproduksjon heime på garden, og har akkurat flytta inn i nytt mjølkefjøs.

Frå 1. januar aukar han mjølkekvoten frå 310 til 470 tonn, fordi han også skal leige kvote av ein slektning.

I tillegg har han eggproduksjon frå 7 500 høner.

Brukar mililasteren til fôring

– Vi brukar minilastaren til fôring i fjøset, og ville unngå eksos og bråk. Denne passar perfekt til våre bruk. No blir det rolegare i fjøset og eit mykje betre arbeidsmiljø, seier han.

I storleik er Avant e5 å samanlikne med 500-serien, og kan brukast med alle dei same reiskapane.

Batteriet har ein kapasitet på 201 amperetimar. Ifølge produsenten skal eit nylada batteri gi straum til 4-5 timar lett arbeid med transport og løfting, med lite eller ingen bruk av hjelpehydraulikk.

Om minilasteren verkeleg får køyrt seg med tunge løft og hard bruk av hydraulikk kan ein rekne med 45 minutt til ein times arbeid.

Avant e5 kostar ca. 225 000 kroner.

Klar for å overta

Pål Kristian er klar på at han skal overta heimgarden, men no arbeider han som energimontør på kraftlinje.

Annonse

– Eg og kona skal flytte heim om nokre år for å overta. Eg har alltid vore klar på det, men valde å ta anna utdanning fyrst. No vil eg ta nettbasert agronomutdanning for vaksne, men eg må vente til eg er fylt 25 år, seier Pål Kristian som bur saman med kona i Gjøvik.

Ho skal fullføre utdanninga si her.

Les meir: 16 år og sauebonde i Melhus

Paul Sindre tar ofte sonen med på råd når det gjeld kva investeringar som skal gjerast på garden.

– Det er viktig å få med dei unge på diskusjonen, på eit tidleg tidspunkt. Eg dreiv også med sauer tidlegare, men her var Pål Kristian klar på at han ikkje ville halde fram med sauedrift i tillegg til egg og mjølk, seier Paul Sindre.

Senior har andre oppgåver som ventar når Pål Kristian skal overta, men ser på seg sjølv som ein viktig støttespelar i drifta vidare.

– Eg vil hjelpe som rådgivar og anna, men har ikkje tenkt å vere nokon sjuande far i huset, seier han.

– Eg har alltid vore veldig klar på å framheve alt det positive som er med landbruket, det er viktig for å sikre rekrutteringa, seier Paul Sindre Vedeld.

Bra besøk på messa

Årets Bedre Landbruk starta på fredag, og det er fyrste gang messa går over tre dagar. I år er det ekstra fokus på park og anlegg, fortel Trond Østby, marknadssjef i FK Agri.

– Vi er veldig nøgde med både besøk og sal så lang. Mange kjem på messa her i kjøpemodus, og mange kjem lange vegar, både frå Trøndelag og Vestlandet. I går hadde vi bondepub her på messeområdet for fyrste gang, og det var ein stor suksess, seier Østby.

Fredag vart det seld 12 John Deere traktorar på messa, og i dag vart det seld 16.

Bedre Landbruk 2016 vert avslutta i morgon, og i kveld blir Årets unge bonde kåra. Vi kjem tilbake med meir om vinnaren i kveld.

Neste artikkel

Felleskjøpet i nye lokaler på Kokstad