Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fruktklienten skal 
erstatte synsing

Håper Fruktklienten blir eit sikkert prognoseverktøy.

I Fruktklienten legg fruktdyrkarane inn kor mange og kor gamle tre dei har på garden sin. I tillegg kva fruktslag og sortar dei har. (Foto: Karl Erik Berge)

Om nokre veker er norsk frukt på plass i butikkane, men mykje skal stemme før frukta når kundane.

Særleg for økologisk fruktproduksjon har det vore vanskeleg å planlegge slik at alt som vert produsert kjem ut på marknaden til rett til.

Volumet er lite, pakkinga må planleggast og butikkane må lage hylleplass og reklamere til rett tid, skriv Føregangsfylket for økologisk frukt og bær i ei pressemelding.

Les meir: Epler fra Telemark vil ha samme beskyttelse som epler fra Hardanger

Dei tok for to år sidan initiativ til eit prosjekt med mål om å gjere Fruktklienten til eit sikkert prognoseverktøy.

– Me er heilt avhengig av å kunne planlegge pakking og sal av frukta vår. Me må ha passeleg med arbeidarar, me må ha infrastruktur som passar til fruktmengda og me må vite kva investeringar som lønnar seg på sikt. Eg har stor tru på at den nye prognosedelen i Fruktklienten skal gjere det mogleg, seier Leif Øie, styrar ved Hardanger Fjordfrukt.

Annonse

I Fruktklienten legg fruktdyrkarane inn kor mange og kor gamle tre dei har på garden sin.

I tillegg kva fruktslag og sortar dei har. Programmet tek høgde for at alle dyrkarane ikkje produserer like mykje, gjennomsnittleg avling for dei siste tre åra vert nytta.

– Med gode prognosar kan sesongen planleggast godt og all frukta vår kjem ut på marknaden. I tillegg kan til dømes Bama med hjelp av gode prognosar lage seg realistiske mål for kor mykje økologiske plommer dei vil ha dei neste 20 åra, seier Øie.

Les meir: Epleslang fikk hedersprisen for god design

Neste artikkel

Innovasjon Norge prioriterer ikke korntørker i Trøndelag