Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Økofrukt i sakte medvind

Bama vil ha meir norsk frukt, også økologisk.

Økoplommer: Øystein Pugerud vil satse vidare på økologisk plommer, men har ingen planar om økoeple. Årets sesong er både dårleg og sein for han og mange andre fruktdyrkarar på Vestlandet.

I Norge var 2531 dekar av det totale frukt- og bærarealet økologisk eller i karens i 2014. Det utgjer seks prosent av totalarealet.

– Vi har hatt ein auke i omsetnaden av økologisk frukt på rundt 30 prosent per år dei tre siste åra, seier informasjonssjef i Bama, Hanne Linnert, som fortel at trenden er klar:

– Forbrukarane vil gjerne ha meir norsk frukt, også økofrukt. Vi har solgt ut alt vi har fått inn av norske økologiske plommer, dei siste partia går ut no. Det er allerede lagt ein plan om auke i norsk fruktproduksjon neste år, både økologisk og konvensjonell, seier Linnert.

Liten auke i vest

Føregangsfylke økologisk frukt og bær er Hordaland i samarbeid med Sogn og Fjordane. Dei rapporterer at det er ein svak auke i både den økologiske eple- og plommeproduksjonen frå 2013 til 2014.

Nedgangen i nytt karensareal har stoppa, og det er ein liten auke i talet på godkjende dekat av økologisk frukt og bær frå 2013 til 2014.

Les også: Brukbart for bærdyrkarane

– I Hordaland har vi hatt fokus på å få omsett alt som økologisk, på forskning og utvikling som vil gjere produksjonen meir lønnsam, og på å skape eit fagleg og sosialt miljø, fortel Gunnhild Jaastad, seniorrådgjevar ved Fylkesmannen i Hordaland.

Økologisk frukt og bær

• 2531 dekar av det totale frukt- og bærarealet i Noreg var økologisk eller i karens i 2014

• Det utgjer 6 prosent av totalarealet

• Hordaland og Sogn og Fjordane er 
«Føregangsfylke økologisk frukt og bær»

• Målsetjinga for prosjektperioden 2014-17 er framleis å auke produksjonen, men med eit endå tettare samarbeid med marknadsaktørane

• Føregangsfylket arbeider med 
å etablere dyrkingsklynger og 
produsentfellesskap

Kilde: Landbruksdirektoratet

I Hardanger er det ein del økologiske plommedyrkarar som starta opp då det var ei satsing via Planteforsk (seinare Bioforsk, no NIBIO). Øystein Pugerud på Grimo i Ullensvang var då allereie i gang med økologiske plommer.

Økoplommer i bratt terreng

Pugerud driv både med konvensjonell og økologisk fruktdyrking. Han dyrkar eple, plommer og morellar på rundt 60 dekar, og av dette er ca. 14 dekar med økologiske plommer: Opal, Jubileum, Mallard og Reeves.

Hos mange av fruktprodusentane på Vestlandet er avlingane berre halvparten så store som i eit normalår.

– Hausten har vore roleg. Ein sein og kald vår øydelag mykje av starten på sesongen, det gjer at avlingane er små og at vi er rundt tre veker seinare enn normalt, seier Pugerud.

Les også: Debio mister 200 økoprodusenter hvert år

Han har planta mykje Mallard den siste tida, og det er ein populær sort.

– I tillegg har eg planta ein del Reeves-tre. Avelon er også ein god sort, men dessverre toler ikkje sorten regn. Då sprekk dei og blir øydelagde, seier Pugerud.

Plommefeltet ligg i eitt bratt område kor han ikkje kan bruke traktor, og det var ein viktig grunn til at han satsa på økoplommer her.

Ugraset er bøygen

Annonse

Det er ikkje den store overgangen frå konvensjonell til økologisk plommeproduksjon, meiner fruktbonden på Grimo.

– Vi sprøyta lite i konvensjonell plommedyrking, det er ugraskampen som tek tid.

Han må slå rundt plommetrea i tre omgangar, og det gjer han med slåmaskin og kantklippar. i tillegg kan han bruke koparmeldel mot plommepung. Soppsjukdommen ligg eigentleg i treet heile tida, men han må ha dei rette forholda for å utvikle seg.

– Eg burde brukt kopar i år, fordi det var ein kald og våt vår, då blir ofte plommetrea angripne, seier han.

Mindre avlingar

Til plommene brukar han økologisk pelletert kyllinggjødsel, men gjødsel frå verpehøner kan han ikkje bruke. – Vi bruker ca. ½ kg med gjødsel til kvart tre, seier han.

Men avlingane er han ikkje heilt nøgd med.

– Det er berre gamle Victoriatre som har gjeve normale avlingar i år. Nitrogen frå kunstgjødsel kjem raskare opp til knoppane på trea enn ved bruk av kyllinggjødsel. Det kan forklare noko av avlingsskilnadane, meiner fruktbonden.

Mykje fornying

Det er morellane som sikrar inntektene på fruktgarden langs Sørfjorden inn mot Odda. Dei siste fem åra har han fornya mykje av morelltrea.

Dekksystemet med tre strengar og plast over er på veg ut i morelldyrkinga. Pugerud lagar frukttrea sjølv ved å kjøpe grunnstammer og pode inn i dei. Han sel også ein del frukttre til andre fruktbønder.

– Ved å bruke tunnel kan vi styre klimaet betre og det er mindre arbeidskrevjande. Det er også lettare å unngå skader på grunn av uver, særleg kastevindar kan vere ei plage her inne. Men tunnelane fører også med seg store investeringar. For meg er det uaktuelt å satse på økologiske morellar, det er for store utfordringar med svartlus. Vi bruker ei blanding av rapsolje eller soyaolje med grønsåpe, men det er vanskeleg å bli kvitt alle lusene. Men økoplommene vil eg satse på vidare, seier han.

Ikkje økoeple

Pugerud dyrkar mest eple, men han har så langt ikkje prøvd seg med økoeple.

– Det blir for mykje arbeid med slått og ugraskamp. Men det er også avhengig av kva som skjer vidare med bruken av Roundup, altså glyfosat. Blir det strengare reglar, kan det bli aktuelt å prøve med økoeple, fortel han.

Pugerud leverer all frukta til Hardanger Fjordfrukt BA på Utne. Frå og med 2015 er alle produsentane med i Gartnerhallen og all frukta vert levert til Bama. – Vi leverer frukta til samlelager langs fjorden og så blir ho henta av samlebilar som køyrer langs heile vestsida av fjorden frå Odda, fortel Pugerud. •

Neste artikkel

Innovasjon Norge prioriterer ikke korntørker i Trøndelag