OPPRØRER MANGE: Mange er imot dei nye mastene i Hardanger. Fleire næringstoppar på Vestlandet, som Johan Fredrik Odfjell, Margareth Øvrum i Statoil og Øystein Michelsen i Hydro, har også gått ut med eit klart nei. (Arkivfoto frå Fykse i Kvam)

Det ulmer i Hardanger

Engasjementet rundt kraftlinja i Hardanger går svært høgt på Vestlandet denne sommaren. Fylkesordførar i Hordaland, Torill Selsvold Nyborg frå KrF, meiner lokaldemokratiet er blitt valsa ned.

Torill Selsvold Nyborg krev no at eit nytt, uavhengig utval skal vurdera kraftlinja.

- Statsminister Jens Stoltenberg bør komma å snakka med oss her på Vestlandet, seier fylkesordføraren til nrk.no.

Ho meiner vidare at eit utval må vera heilt uavhengig av Statkraft og NVE.

Saka er avgjort

Den endelige avgjera om å byggja ny kraftlinje frå Sima til Samnanger blei tatt 2. juli.

- Det blir ikkje snakk om noko ny vurdering. Saka er avgjort, seier statssekretær i olje- og energidepartementet, Sigrid Hjørnegård.

 

Motstand i lokallaga

Leiar i Granvin Bondelag, Inga Winjum Rørlien, seier at dei ikkje har drøfta vedtaket om nye kraftlinjer gjennom Granvin og andre kommunar i Hardanger enno.

- Det er sommar og det er travelt. Men eg vil jo spå at me går imot dette. Trur ikkje eg får så mange fiendar for å seie akkurat det. Eg forstår ikkje vitsen med desse mastene når ein kan leggja den nye kabelen i fjorden, seier Rørlien.

Olav Branstveit, leiar i Ulvik og Eidfjord Bondelag er på stølen i nærleiken av Finse når han svarer på mobilen.

- Me har ikkje hatt møte enno, og det er ikkje avklart. Eg kan derfor ikkje seie så mykje om saka, men føler vel at motstanden i Ulvik generelt er veldig sterk. Trur ikkje motstanden er like sterk i Eidfjord, seier han.

Ut av Senterpartiet

Sjur Tarjei Fykse, leiar i Vikøy og Øystese Bondelag i Kvam herad seier at lokallaget står fast på det dei har sagt i høyringsuttalar tidlegare. Fykse er veldig skuffa over vedtaket om nye master og forundra over at politikarane ikkje syner større mot. 

- Eg melde meg ut av Senterpartiet like etter at dette vedtaket kom og vonar mange andre gjer det same. I følgje det som eg har lese i pressa i det siste skal det ikkje vera store tekniske vanskar med å leggja ein kabel i fjorden. Ein får jo ikkje tillitt til det politiske systemet når same person er generalforsamling i selskapet som skal byggja ut, øveste sjef for direktoratet som handsamar søknaden og til slutt siste ankeinnstans, seier han og legg til:

Det har gått mykje prestisje i denne saka. Det er kraftmiljøet som styrer dette, med Statnett og NVE i spissen. Miljøet er lite og dei har hatt mykje makt her i landet. Dei hadde heilt klart bestemt seg på førehand og plukka argument deretter. Det står på viljen og ikkje utfordringane med å gjera sjølve arbeidet med sjøkabel.  

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.
 
Bildegalleri 4H er 75 år og feiret jubileet i Spikersuppa i Oslo

4H er 75 år og feiret jubileet i Spikersuppa i Oslo

Gallerier

Vis alle
Bondebladets lesertur til Italia
Bondebladets lesertur til Italia (6 bilder)
KLF i 100 på Egertorget
KLF i 100 på Egertorget (5 bilder)
Geno feiret 75 år med Norsk Rødt Fe
Geno feiret 75 år med Norsk Rødt Fe (18 bilder)
Hanen på fagtur i Irland
Hanen på fagtur i Irland (13 bilder)

Mest kommenterte

Roar Grødeland vart "Årets unge bonde"

Svineprodusent Roar Grødeland frå Klepp i Rogaland er kåra til «Årets unge bonde 2010».

Markedet forsvant for økopoteter

Et prosjekt skulle sørge for at produksjonen av økologisk potet gikk opp. Men så forsvant markedet.

Nedgangen i talet på geitebruk må stoppast

Det er behov for meir geitemjølk her til lands. Då er det meiningslaust at produsentar som vil konve…

Økovekst i Coop Norge

Coop-butikkene solgte økovarer for 240 millioner kroner i 2010, en vekst på 4 prosent.

Mest lest


Investerer 18 millioner i fruktbarhetsforskning

SpermVital as skal investere 18 millioner kroner de neste tre årene for å videreutvikle en teknologi…


Provosert over kompetanseuttalelser

Erik Fløystad, fylkesleder i Aust-Agder Bondelag, er oppbrakt over uttalelsene til professor Karen H…


Fryktar at Hordaland vert utan meieri

Fylkesutvalet i Hordaland fryktar at Tine kan koma til å leggja ned meieridrifta i Hordaland, og at …


Stygge tall for FK Rogaland Agder

Underskudd på godt over 100 millioner kroner i Felleskjøpet Rogaland Agder, selv om kjernevirksomhet…


- Samvirke må ta kontakt med de unge

Samvirke må være mer offensive, og troppe opp på gården når de vet at det er et generasjonsskifte på…

Tun Torget

Landbrukets markedsplass

Her finner du det du ikke finner andre steder.

Siste fra andre tema

Næringsutvikling

TREFFPUNKT: Storfekafeane er eit fagleg og sosialt treffpunkt for Nortura-eigarar som driv storfeproduksjon. Her frå Nortura Forus,  til venstre Arnstein Røyneberg og Arne Rege, til høgre Åsgeir Åsland og Kjetil og Hege Nilsen. I februar er det igjen duka for storfekafe på dei tre Nortura-anlegga i Rogaland.

Suksess for storfekafear hos Nortura i Rogaland

I Rogaland har Nortura stor suksess med sine storfekafear, som regelmessig vert arrangert på dei tre anlegga på Forus, i Egersund og Vindafjord.

SpermVital investerer 18 millioner i forskning

Vil ha veterinærene mer synlige

Investerer 18 millioner i fruktbarhetsforskning

Vil styrke miljøinnsatsen i landbruket

Matjorda i Tyskland bygges ned

Tun Media

Tun Medias publikasjons- portefølje retter seg mot kvinner og menn som lever og bor i det moderne Bygde-Norge og til andre med sans for den landlige livsstil.

Rekruttering av ungdom til utdanningsporgram naturburk ved de videregaende skolene.