INNTEKTER: Sandalen Kraftverk og dei andre småkraftverka i Jølster skaper gode inntekter for grunneigarane i kommunen. (Foto: Oddmund Klakegg, Jølster kommune)

Slåst om å få ta over

Småkraft er med på å oppretthalde levende bygder og landbruk i Sogn og Fjordane.

- Ein bonde fortalte meg at før slost sønene om å få sleppe å ta over garden. Nå slåst dei om å få ta over, fortel Oddmund Klakegg, landbrukssjef i Jølster kommune.

Årsaka er vatnet.

Det er ikkje berre kaldt og leskande lenger. No kan fallande vatn gje kjærkomne kroner i lommeboka.

- Det er få som blir millionærar. Men mange vil tene 300 000 kroner, og det bidrar til busetnaden og landbruksdrifta her, fortel Klakegg.

- Rundt 80-90 grunneigarar er involverte i kraftutbygging i Jølster, i ein eller annan prosess. Mange bønder seier at «utan kraftverket hadde eg lagt ned», fortel Klakegg.

Revolusjon

Gloppen kommune har blitt stor på småkraft.

- Det har bortimot vore ein revolusjon, fortel ordførar Anders Ryssdal (Sp).

- Plutseleg fekk over 100 grunneigarar ei ny inntektskjelde. Bekkar som tidlegare ikkje hadde særleg verdi, er no i produksjon og har lokal verdiskaping. Så å seie alt har skjedd de siste ti årene, fortel han.

Fornyar driftsapparatet

- I dag har vi 19-20 småkraftverk som er eigd av grunneigarar, og i tillegg tre kommunale og to som er eigd av Sogn og Fjordane Energi. Over hundre grunneigarar er med på kraftverka som er bygd eller søkt om konsesjon for, fortel Ryssdal.

- Småkraft AS er inne i berre to av kraftverka, elles er det grunneigarane sjølve som står for utbygginga. Eg trur det betyr veldig mykje for landbruksnæringa. Ein god del bønder har gått til fornying og opprusting av driftsapparatet, som eit direkte resultat av kraftinntekta, fortel ordføraren.

- Det som gir drift

- Vi har ønskt å profilere oss på å vere ein småkraftkommune. Vi må ha urørt natur også, men over 36 prosent av Gloppen sitt areal er verna. Så vi meinar at det er igjen ein god del areal. Vi ser at småkraftverk er ei viktig attåtnæring. Det er ein måte å overleve på for ein god del gardsbruk, seier Ryssdal.

- Minuset er at det kan vere tyngre å drive for dei som ikkje har fall. Vi må ikkje gløyme annan landbrukspolitikk. Landbruket må få dei nødvendige støtteordningane elles. Men småkraft har vist seg å vere eit godt supplement. For mange gardar kan det vere det som gir drift framover, fortel han.

Styrkjer driftsgrunnlaget

- Småkraftutbygging er ein kjemperessurs, og den er fordelt på veldig mange grunneigarar, seier Oddmund Klakegg i Jølster kommune.

- Eg trur ressursen vil bety mykje for over halvparten av bøndene i kommunen, med det som kan byggjast ut. Grunnrenta småkraftverka vil tilføre landbruket er ein ikkje ubetydeleg sum. Det styrker driftsgrunnlaget, utan tvil. Kraftutbygging fører til meir kapital i landbruket, som igjen blir investert i driftsapparat, seier han.

Vil sjå på ringverknadar

Gloppen kommune nærmar seg ein produksjon på 400 GWh. Kommunen brukar totalt cirka 120 GWh per år.

- Så vi er ein betydeleg krafteksportør, seier Anders Ryssdal fornøgd.

Ikkje berre grunneigarane tener på kraftverka. Dei gjev også ringverknadar. Men kor store, veit han ikkje.

- Vi vurderer å gjere undersøkingar på kvar pengane hamnar etter at falleigarane har fått pengane sine. Vi vil sjå kor mykje som kjem lokalsamfunnet til gode, fortel ordføraren.

Starta prosjekt

Luster er ifølge Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) si kartlegging den kommunen i Noreg med størst småkraftpotensial.

I 2003 starta kommunen eit småkraftprogram saman med Luster Sparebank og Luster Energiverk. Ein prosjektleiar vart tilsett, og grunneigarar med fall fekk 25 konsulenttimar kvar gratis.

- Vi såg at mange av fallrettane låg i utkanten av kommunen. Landbruket gjekk tilbake i mange bygder, og dette kunne vere eit ekstra bidrag slik at folk kunne fortsette å drive landbruk, og bo i bygda. Derfor vart kommunen aktiv på denne fronten, fortel ordførar Torodd Urnes (KrF).

Tek tid

Det har teke tid å få på plass mange småkraftverk.

Det skyldes mangel på kapasitet på kraftlinja, konsesjonskø hos Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) og usikre eigedomstilhøve, fortel ordførar Torodd Urnes og prosjektleiar Magnus Snøtun.

Men tre anlegg som produserer til saman 35 GWh har kome i drift i løpet av prosjektperioden, og ti til ligg i køen og ventar.

Demning av saker

- Eg håpar at NVE klarar å løyse opp køen på ein slik måte at vi får ei gradvis utbygging. Då kan vi nytte næringslivet lokalt. Viss vi har ei demning med saker, og demninga brest så vi får mange saker samstundes, reiser mykje av arbeidet ut av kommunen. Då får vi ikkje verdiskapinga lokalt, og går glipp av positive ringverknadar, seier Urnes.

 Også i Jølster og Gloppen har utbygginga stoppa opp no, i påvente av nye kraftlinjer.

Nøkkelord: Energi

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.
 
Bildegalleri 4H er 75 år og feiret jubileet i Spikersuppa i Oslo

4H er 75 år og feiret jubileet i Spikersuppa i Oslo

Gallerier

Vis alle
Bondebladets lesertur til Italia
Bondebladets lesertur til Italia (6 bilder)
KLF i 100 på Egertorget
KLF i 100 på Egertorget (5 bilder)
Geno feiret 75 år med Norsk Rødt Fe
Geno feiret 75 år med Norsk Rødt Fe (18 bilder)
Hanen på fagtur i Irland
Hanen på fagtur i Irland (13 bilder)

Mest kommenterte

Roar Grødeland vart "Årets unge bonde"

Svineprodusent Roar Grødeland frå Klepp i Rogaland er kåra til «Årets unge bonde 2010».

Markedet forsvant for økopoteter

Et prosjekt skulle sørge for at produksjonen av økologisk potet gikk opp. Men så forsvant markedet.

Nedgangen i talet på geitebruk må stoppast

Det er behov for meir geitemjølk her til lands. Då er det meiningslaust at produsentar som vil konve…

Økovekst i Coop Norge

Coop-butikkene solgte økovarer for 240 millioner kroner i 2010, en vekst på 4 prosent.

Mest lest


Investerer 18 millioner i fruktbarhetsforskning

SpermVital as skal investere 18 millioner kroner de neste tre årene for å videreutvikle en teknologi…


Provosert over kompetanseuttalelser

Erik Fløystad, fylkesleder i Aust-Agder Bondelag, er oppbrakt over uttalelsene til professor Karen H…


Fryktar at Hordaland vert utan meieri

Fylkesutvalet i Hordaland fryktar at Tine kan koma til å leggja ned meieridrifta i Hordaland, og at …


Stygge tall for FK Rogaland Agder

Underskudd på godt over 100 millioner kroner i Felleskjøpet Rogaland Agder, selv om kjernevirksomhet…


- Samvirke må ta kontakt med de unge

Samvirke må være mer offensive, og troppe opp på gården når de vet at det er et generasjonsskifte på…

Tun Torget

Landbrukets markedsplass

Her finner du det du ikke finner andre steder.

Siste fra andre tema

Næringsutvikling

TREFFPUNKT: Storfekafeane er eit fagleg og sosialt treffpunkt for Nortura-eigarar som driv storfeproduksjon. Her frå Nortura Forus,  til venstre Arnstein Røyneberg og Arne Rege, til høgre Åsgeir Åsland og Kjetil og Hege Nilsen. I februar er det igjen duka for storfekafe på dei tre Nortura-anlegga i Rogaland.

Suksess for storfekafear hos Nortura i Rogaland

I Rogaland har Nortura stor suksess med sine storfekafear, som regelmessig vert arrangert på dei tre anlegga på Forus, i Egersund og Vindafjord.

SpermVital investerer 18 millioner i forskning

Vil ha veterinærene mer synlige

Investerer 18 millioner i fruktbarhetsforskning

Vil styrke miljøinnsatsen i landbruket

Matjorda i Tyskland bygges ned

Tun Media

Tun Medias publikasjons- portefølje retter seg mot kvinner og menn som lever og bor i det moderne Bygde-Norge og til andre med sans for den landlige livsstil.

Rekruttering av ungdom til utdanningsporgram naturburk ved de videregaende skolene.