TÅLER LITE: Lyse moreller er lite dyrka i Norge. Det er dei mørke med meir fruktkjøt som har teke over. Dei lyse sortane toler svært lite.

No kjem dei norske morellene

Noko av det beste med sommaren akkurat no, er dei norske morellene. I neste veke kjem dei for fullt.

Morellene kjem seinare enn vanleg i år, men det er ikkje unormalt seint, fortel fruktdyrkar og rådgivar i Norsk Landbruksrådgivning, Jan Ove Nes i Ullensvang.

- Det er jo klart seinare i år enn det har vore dei siste åra, men no har det også vore svært tidleg hausting i mange år på rad. Eg har sett tilbake på loggføring frå 90-talet og då var det meir vanleg med hausting i byrjinga av august, seier Nes.

 

Jamnare i år

Det var kaldt under bløminga i Hardanger i mai, og det gjekk ut over pollineringa. I tillegg var det ein særs kald og lang vinter på Vestlandet og mange andre stader i landet. Enkelte tre har fått frostskadar, fortel Jan Ove Nes.

- Fruktdyrkarar i Telemark har nok merka den kalde vinteren meir enn oss. Men også her shadde vi frostskadar. Likevel er det brukbare avlingar med moreller. I fjor var det veldig ujamt, meir anten eller for mange dyrkarar. Men i år er det mykje jamnare over heile linja, slik at det totalt blir som i fjor eller litt under, spår rådgivaren.

For nokre veker sidan herja ein kraftig vind langs Hardangerfjorden, og nokre dyrkarar fekk øydelagt både plast, nøter og tre på kort tid.

- Det gjekk lite ut over totalavlingane, men øydela mykje hos enkelte dyrkarar.

Lite til utlandet

Tidleg på 2000-talet eksporterte morelledyrkarane i Hardanger rundt 100 tonn til utlandet. Eksporten har gått kraftig tilbake og årsaka til dette finn vi i Canada. Her har nokre enorme fruktfarmar starta opp med produksjon av seine sortar av moreller, lik dei som blir dyrka i Hardanger.

- Det var dårlege prisar ute i fjor, og dette gjekk ut over eksporten. Det var berre småtteri som gjekk til eksport, kanskje eitt tonn til saman.

Vêret derimot, er viktig. Med mykje sol og varme et vi meir moreller, fortel Nes.

- Vi merka det veldig godt i fjor. På Austlandet gjekk salet veldig ned når det kom dårleg vêr i august. Det er meir stabilt på Vestlandet, her er vi nok meir vane til varierande sommarvêr.

Langs Sørfjorden er det mange dyrkarar som sel moreller direkte ved vegen, og også her spelar vêret ei viktig rolle. Det kjem fleire turistar, og det er fleire som stopper, hvis sola skin.

Seine sortar dominerer

Dei siste åra er det seine sortar som er prioritert, og tidlege sortar av moreller er nesten utradert. Dei er ofte små og har mindre smak.

- Dyrkarane er heile tida på jakt etter nye sortar. Det er mange stader det vert kryssa fram nye sortar, men ikkje i Norge. Canada har drive mykje med slikt sortsarbeid, men dei nye sortane er beskytta. Det kan godt vere at nye, lyse sortar vil komme sterkare i framtida. Men då må dei nok bli meir smakfulle, spår fruktdyrkaren og rådgivaren.

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.
 
Bildegalleri Horva 2010

Gallerier

Vis alle
Matstreif 2009
Matstreif 2009 (18 bilder)
Egertorget Matfestival 2009
Egertorget Matfestival 2009 (18 bilder)
Politisk kokkekamp
Politisk kokkekamp (35 bilder)
Fruit Logistica, Berlin
Fruit Logistica, Berlin (31 bilder)

Mest kommenterte

Roar Grødeland vart "Årets unge bonde"

Svineprodusent Roar Grødeland frå Klepp i Rogaland er kåra til «Årets unge bonde 2010».

Markedet forsvant for økopoteter

Et prosjekt skulle sørge for at produksjonen av økologisk potet gikk opp. Men så forsvant markedet.

Nedgangen i talet på geitebruk må stoppast

Det er behov for meir geitemjølk her til lands. Då er det meiningslaust at produsentar som vil konve…

Økovekst i Coop Norge

Coop-butikkene solgte økovarer for 240 millioner kroner i 2010, en vekst på 4 prosent.

Mest lest


Investerer 18 millioner i fruktbarhetsforskning

SpermVital as skal investere 18 millioner kroner de neste tre årene for å videreutvikle en teknologi…


Provosert over kompetanseuttalelser

Erik Fløystad, fylkesleder i Aust-Agder Bondelag, er oppbrakt over uttalelsene til professor Karen H…


Fryktar at Hordaland vert utan meieri

Fylkesutvalet i Hordaland fryktar at Tine kan koma til å leggja ned meieridrifta i Hordaland, og at …


Stygge tall for FK Rogaland Agder

Underskudd på godt over 100 millioner kroner i Felleskjøpet Rogaland Agder, selv om kjernevirksomhet…


- Samvirke må ta kontakt med de unge

Samvirke må være mer offensive, og troppe opp på gården når de vet at det er et generasjonsskifte på…

Tun Torget

Landbrukets markedsplass

Her finner du det du ikke finner andre steder.

Siste fra andre tema

Næringsutvikling

TREFFPUNKT: Storfekafeane er eit fagleg og sosialt treffpunkt for Nortura-eigarar som driv storfeproduksjon. Her frå Nortura Forus,  til venstre Arnstein Røyneberg og Arne Rege, til høgre Åsgeir Åsland og Kjetil og Hege Nilsen. I februar er det igjen duka for storfekafe på dei tre Nortura-anlegga i Rogaland.

Suksess for storfekafear hos Nortura i Rogaland

I Rogaland har Nortura stor suksess med sine storfekafear, som regelmessig vert arrangert på dei tre anlegga på Forus, i Egersund og Vindafjord.

SpermVital investerer 18 millioner i forskning

Vil ha veterinærene mer synlige

Investerer 18 millioner i fruktbarhetsforskning

Vil styrke miljøinnsatsen i landbruket

Matjorda i Tyskland bygges ned

Tun Media

Tun Medias publikasjons- portefølje retter seg mot kvinner og menn som lever og bor i det moderne Bygde-Norge og til andre med sans for den landlige livsstil.

Rekruttering av ungdom til utdanningsporgram naturburk ved de videregaende skolene.