Det handlar om å ta mest mogeleg makt frå oss som produserer råvarene, kort sagt å pressa bonden tilbake i verdikjeda

 

Rema 1000 kjøpte 50 prosent av aksjane i Hugaas Rugeri AS i sommar. No vil dei byggja heilt nytt eggpakkeri i Nord-Trøndelag, og er på jakt etter 100 nye eggprodusentar for å dekka etterspørselen til butikkjeda.

Eggprodusent Jostein Ljones i Kvam er provosert av den aggressive stilen til butikkjeda. Han ber gardbrukarar i regionen tenkja seg godt om før dei går i gang med å investera i eggproduksjon for Rema 1000.

Gigantisk overproduksjon

- Rema 1000 meiner alvor, ingen tvil om det, og dei kjem til å gjennomføra planane om eige pakkeri. Det gjer meg frykteleg uroleg og nervøs for heile eggsektoren, fordi dette på sikt kan resultera i ei gedigen overetablering og stor overproduksjon av egg, i mange år framover. 

I dag er det fritt fram å starta opp eggproduksjon, hvis ein har ein kontrakt med godkjent pakkeri.

- Alle nye eggprodusentar som kjem inn i næringa i dag, byggjer maks opp til konsesjonsgrensa, altså 7500 høner eller ca 130tonn per år, seier Ljones.

I 2008 var totalvolumet norskproduserte egg på 56000 tonn. Det er allereie prognosert stor overproduksjon fram mot 2012, men Ljones fryktar mange nye produsentar i Trøndelag kan resultera i ein yterlegare volumauke på 10-11 prosent. Me har då etablert varig overproduksjon på egg.

- Det betyr også meir i omsetningsavgift og store ekstrakostnader per produsent. Det er det ingen produsentar som har råd til!

Pressa bonden tilbake

Jostein Ljones er heilt klar på at det er ein kamp Rema 1000 no har starta. Ein kamp om marknadsmakt, og egg er berre starten på dette, meiner han.

- Det handlar om å ta mest mogeleg makt frå oss som produserer råvarene, kort sagt å pressa bonden tilbake i verdikjeda. Rema 1000 lovar lågast mogeleg pris til kunden, og det betyr at pris til produsent er lite prioritert, seier han og legg til:

- Det er enkelt å etablera seg med egg. Det er mottak og pakking, og så ut med varene igjen. For Rema 1000 er det eit klart mål å få deregulert resten av marknaden også. Dei har jo allereie meldt si interesse for å kjøpa eit nedlagt meieri!

Vil ta kontroll

Rema 1000 har som mål å svekka og helst fjerna heile landbrukssamvirket. Dei vil ha kontroll over heile verdikjeda, og utfordrar heile landbrukspolitikken her i landet, meiner egg- og melkeprodusenten i Hardanger. 

- Det er viktig å forstå at dette er kortsiktig. Når Rema snakker om lønsemd, er det snakk om eiga bedrift, og på sikt blir det vi som er bønder som blir dei store taparane.

Oppfordring til Nortura

Hvis ikkje Rema 1000 får nok kontraktar no, kan dei likevel kjøpa egg av Nortura, som er marknadsregulator, og komma i gang med pakkeri. På sikt kan dei fasa inn eigne produsentar.

Jostein Ljones meiner at Nortura no må styrkje dei eggprodusentane som skal produsera også etter 2012.

- Det haster med å få avklart kor mange av dagens leverandører som blir med vidare. I tillegg bør ein setja i verk tiltak som gjer at dei produsentane som ikkje skal vere med etter 2012 sluttar å produsera snarast mulig for å unngå overproduksjon og strekt prispress i markedet framover.

Jostein Ljones meiner gjeld å forsera omstillinga, og få på plass langsiktige leverandøravtalar snarast mogeleg.

- Det er avgjerande for økonomien til alle eggprodusentane at Nortura framleis klarer å handtera rolla si som markedsregulator.

Kva meiner du om saka? Skriv din kommentar nedanfor!


Nøkkelord: KjederMarked

1 kommentar til denne artikkelen

Jostein Ljones har heilt rett i sin bekjymring over Rema sin inntensjon i sin satsning. Reitan har selv uttalt dette ovenfor sine butikksjefer. Det handler om makt og fortjeneste ( fylle sine egne lommer ) der produsentene er garantert å tape. Håper bønder i regionen tenker seg 3 ganger om, før de inngår en avtale om å produsere direkte til Rema. 

Bernt Mikalsen - 18.12.2009 19:21

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden




 
Bildegalleri Horva 2010

Gallerier

Vis alle
Matstreif 2009
Matstreif 2009 (18 bilder)
Egertorget Matfestival 2009
Egertorget Matfestival 2009 (18 bilder)
Politisk kokkekamp
Politisk kokkekamp (35 bilder)
Fruit Logistica, Berlin
Fruit Logistica, Berlin (31 bilder)

Mest kommenterte

Roar Grødeland vart "Årets unge bonde"

Svineprodusent Roar Grødeland frå Klepp i Rogaland er kåra til «Årets unge bonde 2010».

Markedet forsvant for økopoteter

Et prosjekt skulle sørge for at produksjonen av økologisk potet gikk opp. Men så forsvant markedet.

Nedgangen i talet på geitebruk må stoppast

Det er behov for meir geitemjølk her til lands. Då er det meiningslaust at produsentar som vil konve…

Økovekst i Coop Norge

Coop-butikkene solgte økovarer for 240 millioner kroner i 2010, en vekst på 4 prosent.

Norturas eiere lovpriser NorgesGruppen-avtalen

Nortura-eiere som Bondebladet har vært i kontakt med er svært positive til den nye samarbeidsavtalen…

Mest lest


Investerer 18 millioner i fruktbarhetsforskning

SpermVital as skal investere 18 millioner kroner de neste tre årene for å videreutvikle en teknologi…


Provosert over kompetanseuttalelser

Erik Fløystad, fylkesleder i Aust-Agder Bondelag, er oppbrakt over uttalelsene til professor Karen H…


Fryktar at Hordaland vert utan meieri

Fylkesutvalet i Hordaland fryktar at Tine kan koma til å leggja ned meieridrifta i Hordaland, og at …


Stygge tall for FK Rogaland Agder

Underskudd på godt over 100 millioner kroner i Felleskjøpet Rogaland Agder, selv om kjernevirksomhet…

Tun Torget

Landbrukets markedsplass

Her finner du det du ikke finner andre steder.

Siste fra andre tema

Næringsutvikling

TREFFPUNKT: Storfekafeane er eit fagleg og sosialt treffpunkt for Nortura-eigarar som driv storfeproduksjon. Her frå Nortura Forus,  til venstre Arnstein Røyneberg og Arne Rege, til høgre Åsgeir Åsland og Kjetil og Hege Nilsen. I februar er det igjen duka for storfekafe på dei tre Nortura-anlegga i Rogaland.

Suksess for storfekafear hos Nortura i Rogaland

I Rogaland har Nortura stor suksess med sine storfekafear, som regelmessig vert arrangert på dei tre anlegga på Forus, i Egersund og Vindafjord.

SpermVital investerer 18 millioner i forskning

Vil ha veterinærene mer synlige

Investerer 18 millioner i fruktbarhetsforskning

Vil styrke miljøinnsatsen i landbruket

Matjorda i Tyskland bygges ned

Tun Media

Tun Medias publikasjons- portefølje retter seg mot kvinner og menn som lever og bor i det moderne Bygde-Norge og til andre med sans for den landlige livsstil.

Rekruttering av ungdom til utdanningsporgram naturburk ved de videregaende skolene.