Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Trine Hasvang Vaag innstilt som ny styreleiar i Nortura

Einstemmig valkomité står bak innstillinga

Arkivfoto: Bondebladet

Trine Hasvang Vaag er innstilt som ny styreleiar i Nortura SA. Ho vil, dersom ho vert valt på Nortura sitt Årsmøte i april, overta leiartrøya etter Sveinung Svebestad som i fjor haust ga valkomitéen beskjed om at han ynskte avløysing etter 9 år som styreleiar i Nortura.

– Leiarvervet i Nortura er truleg ein av dei mest krevjande posisjonane i landbruket. Vi gjekk breitt ut og har i løpet av prosessen vurdert både eksterne og interne kandidatar. Det er ein einstemmig valkomité som står bak innstillinga og vi er svært nøgd med at Vaag takka ja, seier leiar i valkomitéen Arne Magnus Aasen i ei pressemelding.

Annonse

Vaag er frå Snåsa i Nord Trøndelag og driv mjølk- og kjøtproduksjon. Ho vart valt inn i styret i Nortura i fjor, men har lang organisasjonserfaring frå landbruket sine organisasjonar.

Neste artikkel

Tøffe tider for Nortura