Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Travle dagar på Haukelifjell

Geitesommar for Matilde og Jacqueline.

Matilde Westavik Gaustad (t.v.) og Jacqueline Borgqvist har ysta brun geitost kvar dag. Mjølka må koke sju-åtte timar før ho blir pressa i former.

Mellom Haukeliseter og Haukelitunnelen, ved Nupshadlene, ligg det to geitestølar kor det vert ysta geitost. På den inste stølen er det Jan Haslemo frå Øvre Vats i Vindafjord som stølar.

Han har henta heim fleire gullmedaljar i NM for den brune geitosten sin.

Det er tredje sommaren for Matilde Westavik Gaustad (30) på stølen til Haslemo. Trondheims­jenta kan kallast veteran, medan Jacqueline Borgqvist (26) frå Danmark har sin fyrste sommar her oppe.

– Eg har vore sommarhjelp på to andre stølar før eg kom hit. Til saman har eg vore budeie i fem somrar, seier Matilde som kjem tilbake til Haukelifjell fordi ho trivst så godt her oppe.

210 geiter

På stølen er det mjølking morgon og kveld. Dei ser etter om lag 210 geiter, med stort og smått.

Jan Haslemo har ein kvote på 250 tonn, og mykje mjølk frå garden i Vats vert levert til ysteriet i Haukeli. Dei nyttar geitemjølka til å lage den populære Chevre frå Haukeli.

Dei to jentene ystar brun geitost, og i tillegg ystar Jan kvit geitost på garden i Vindafjord.

Salet av brun og kvit geitost er det få problem med. Mange kjenner til dei to stølane ved Nupshadlane.

Annonse

– Det har vore godt med kundar i heile sommar. Mange faste kundar kjem igjen, år etter år, og ein del kundar er innom fleire gongar i løpet av sommaren, fortel Matilde som er utdanna i samtidskunst frå det Kongelige danske kunstakademi. Ystinga har ho lært i Aurland.

Einsformig og mangfaldig

– Det er herleg å komme opp her – godt å vere så mykje ute. Det er fysisk hardt, og einsformig og mangfaldig på same tid. Det dukkar alltid opp noko nytt. Geitene er på beite heile dagen, og ofte blir dei blir ofte borte. Her er det veldig bratt mange stader. Det kan vere hardt og hente geitene inn, men etter at vi har fått oss ein tur er vi alltid nøgde, seier Matilde og ler godt.

Ho har ikkje bondebakgrunn, men har teke avløysarkurs. No går turen til Trondheim, kor ho har fått seg atelier.

– Eg veit ikkje kva det blir til neste sommar, men eg kjem gjerne tilbake, seier Matilde som likar den brune geitosten aller best – på knekkebrød og saman med kaffi.

Jacqueline Borgqvist har studert friluftsliv ved Høgskulen i Bø. Ho hadde lyst til å prøve seterjobb og la ut ein tekst på seterkultur.no om seg sjølv. Så vart ho kontakta av Jan.

– Gardsarbeid var noko heilt nytt for meg, men det har vore fint å ha jobb her oppe. Det er kjekt å arbeide med geiter, det skjer noko nytt heile tida, seier Jacqueline som etter stølsjobben skal ut og reise.

Neste artikkel

Få matfunn over grenseverdien