Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Travel og lærerik dag med Dale

Stortingsbesøk og sjefsmøte for Vegard Skjesol.

Det vart ein travel dag for Vegard Skjesol torsdag 19. oktober. Han var med landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) heile dagen. Dagen vart avslutta med festmiddag i regi av Ungt Entreprenørskap, der alle som var med på opplegget «Leder for en dag» deltok.

– Det har gått unna i dag. Det har vore veldig bra så langt. Dale er god som guide, seier Vegard Skjesol (18) under ein pause på Stortinget.

Skjesol er elev ved Mære landbruksskole. Han har vore dagleg leiar i ungdomsbedrifta Fargekoden UB, og det sikra den unge landbruksvikaren plass på «Leder for en dag».

– Vi hadde ein ide som gjekk ut på å skilje alle rundballane etter kvalitet ute på jordet. Ideen lever vidare, men vi manglar pengar og tid til å følgje opp ideen no. Vi har avvikla ungdomsbedrifta, på grunn av skulearbeid og alt anna, men håper å kunne følgje opp ideen seinare, seier Vegard.

Landbruksminister Jon Georg Dale fortel at dei ikkje har fått snakka noko særleg om ideen til Fargekoden UB så langt.

– Vi starta dagen med gjennomgang av dagens mediebildet med kommunikasjonsavdeling, og etter det var det sjefsmøte. Ein gang i veka møter politisk leiing alle avdelingssjefane, dep.råd og kommunikasjonssjef, seier Dale.

– Etter det drog vi til Stortinget på omvising og informasjon om arbeidet her. No skal vi på tur til Dyre gård i Rygge, og får betre tid til å snakke om ideen til Fargekoden og anna, legg han til.

– Kan løfte fram idear

På Dyre gård har Hans Olav Bjerketvedt og kona Anne-Lene satsa stort på økologisk epleproduksjon. Dei har ca. 35 000 epletre, med sortar som Raud Aroma, Discovery, Santana og Holsteiner Cox. – Han er eit eventyr av ein type, seier Dale.

Ministeren meiner Ungt Entreprenørskap er eit fint tiltak.

– Det kjem opp mange idear som kan bli realisert. Ungt Entreprenørskap kan vere med å løfte fram desse ideane, og kan gje verdifulle input, seier Dale.

Vil ha meir landbruk i skulen

Dei to har heller ikkje fått diskutert blåblå landbrukspolitikk så langt.

Vegard, som kjem frå mjølkebruk i Åsen i Levanger, meiner det er ting som fungerer bra, og ting som ikkje er bra.

– For vår del har det gått rette vegen, fordi vi har eit passe stort bruk. Men det er ikkje slik for landbruket i heile landet. Det går mot større bruk og meir sentralisering, og det er ikkje bra, seier Vegard.

Annonse

Han trivst på Mære landbruksskole, og meiner det er bra med kurs og etterutdanning av bønder. Men han etterlyser meir landbruk inn i grunnskulen.

– Det er for lite landbruk i barne- og ungdomsskulen. Mange veit ikkje kor maten kjem frå, og dei treng å bli betre kjent med næringa, seier Vegard.

Dale er delvis einig i dette, men meiner samstundes at foreldra må gjere meir.

– Det er stadig fleire som bur i byar, og det er færre som forstår samanhengen mellom sikker matproduksjon, god dyrevelferd og mat i butikkane. Noko av dette kan ein lære i skulen, men ikkje berre her. Foreldre må også vere bevisste på dette, og mange kan bli betre. Derfor er det bra med urbant landbruk, det kan få betydning og heve forståinga for matproduksjon, seier landbruksministeren.

Avløysarordninga viktig

Vegard, som sjølv har jobba som avløysar, meiner gode avløysarordningar er viktig for å rekruttere unge inn i næringa.

– Det er viktig med gode tilskot til denne ordninga. Det kan bety mykje for arbeidsdagen og planlegginga for bonden, seier han.

Dei to er samde om at jordvernet ikkje fungerer godt nok. – Det kan bli betre, meiner Vegard.

I 2015 vart ein ny nasjonal jordvernstrategi vedtatt, og alle partia på Stortinget stiller seg bak strategien. Her er det nedfelt at omdisponeringa av matjord skal vere under 4000 dekar innan 2020.

– Jordvernet er under veldig press mange stader, og ofte er det arbeidsplassar mot jordvern. Skal vi nå målet om under 4 000 dekar i 2020, må vi føre ein streng jordvernpolitikk, seier Dale, før dei legg ut på turen til Dyre gård i Rygge.

På spørsmål om det blir tid til fotballprat i bilen, Dale er ihuga Tottenham-tilhengar, er svaret frå Vegard klart: Nei, fotball er eg ikkje interessert i.

Neste artikkel

Dale fortsatt mektigst i landet