Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Svebestad går av som Norturaleiar

Vil ha avløsning på årsmøtet til våren.

Linda Sunde
Publisert: 14.12.16 13:01

Sveinung Svebestad har gjeve valnemnda melding om at han ynskjer avløysing på årsmøtet til våren, etter ni år som styreleiar i Nortura SA.

– Det er absolutt ingen dramatikk i det. Ni år er veldig lenge i eit verv som krev sitt. Eg ser det som eit naturleg val både for meg og eg trur det er eit godt tidspunkt for selskapet å få ei endring på, seier Svebestad til Nationen.

Etter årsmøtet skal han heim til Hana, garden og slaktegrisproduksjonen på Sviland.

Svebestad starta fartstida si som tillitsvald i kjøttsamvirket i Agro-Fellesslakteri i 1988. Han kom inn styret i Gilde Norsk Kjøtt frå konserndanninga i 2000, og gjekk inn styret i Nortura etter fusjonen med Prior i 2006. Han vart vald til styreleiar i Nortura i 2008.

Valnemnda ynskjer no innspel frå medlemmane.

– Det er alltid spanande å starte arbeidet i valnemnda. I år blir det ekstra krevjande når vi også skal innstille på ny styreleiar. Når dette blir offentleg så tidleg i prosessen, er det fordi vi ynskjer at eigarane i Nortura skal få mogelegheit til å kome med innspel til valkomiteen så tidleg som mogeleg, seier leiar i valkomiteen, Arne Magnus Aasen, på Nortura si nettside.



Annonse