Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mattilsynet friskmelder Lærdalselvi

Lakseyngelen i elva er fri for lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

Gyrodactylus salaris vart oppdaga i Lærdalselvi i 1996. Som følge av friskmeldinga no, og at gytebestandsmålet er oppnådd, vurderer Miljødirektoratet å endre fiskereglane i vassdraget. (Arkivfoto)

Mattilsynet friskmelder Lærdalselvi i Sogn og Fjordane etter at dei siste prøvene viser at lakseyngelen i elva er fri for lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

Dette er første gong ei elv er friskmeld etter å ha blitt behandla med aluminiumsmetoden i kombinasjon med små mengder rotenon, skriv Mattilsynet.

Suksess med aluminium

– Dette er ein stor dag. Laksen i elva er fri for Gyrodactylus salaris og neste år kan folk igjen fiska i denne populære elva, sa Geir Jakobsen i Mattilsynet då han overrekte friskmeldingsvedtaket til Klima- og miljøminister Vidar Helgesen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre.

Friskmeldinga viser at strategien med å nytte aluminiumsmetoden i kampen mot parasitten har vore ein suksess.

– Vi har no fått eit nytt verktøy i kampen mot Gyrodactylus salaris, som tek livet av parasitten, medan fisken overlever. Dette lover veldig bra for den vidare kampen mot parasitten, seier direktør Ellen Hambro for Miljødirektoratet.

Gyrodactylus salaris vart oppdaga i Lærdalselvi i 1996. Sidan den gong er det gjort fleire behandlingar for å avgrense smitten, slik at parasitten ikkje har blitt påvist i nokon andre elver i Sognefjorden.

– Alle må hjelpe til

For at Lærdalselvi skal halde seg fri for Gyrodactylus salaris, må alle som bruker elva gjere sitt for å hindre at parasitten kjem tilbake.

– Alle må hjelpe til. Ein må ikkje flytte fisk inn i vassdraget. Fiskeutstyr og anna utstyr som vert brukt i fleire vassdrag, må anten tørkast eller desinfiserast. Langs elvene er det utstyr for å desinfisere. Bruk det, oppmodar Geir Jakobsen i Mattilsynet.

Annonse

Det er forbode å flytte fisk mellom elvar og vatn i Noreg, også mellom ulike delar av det same vassdraget. Sidan parasitten kan overleve fleire dagar i frie vassmassar, må du dessutan vere forsiktig med å flytte vatn mellom vassdrag.

Friskmeldinga av Lærdalselvi er eit resultat av eit omfattande arbeid med metodeutvikling, planlegging og gjennomføring av behandlingar, der fleire fagmiljø har vore involvert.

Miljødirektoratet har det overordna ansvaret for å motverke parasitten, og har finansiert metodeutviklinga og dei kjemiske behandlingane.

Vurderer å endre fiskereglane

Den lokale laksestammen har blitt forsterka med rogn frå levande genbank. Arbeidet vart leia av Veterinærinstituttet, med god støtte frå lokale aktørar og Ljøsne klekkeri.

– Gytebestandsmålet er oppnådd i Lærdalselvi. Fordi den genetiske breidda frå genbanken no er ført tilbake, vert arbeidet avslutta i 2018, seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Som følge av friskmeldinga i 2017, og at gytebestandsmålet er oppnådd, vurderer Miljødirektoratet å endre fiskereglane i vassdraget.

Neste artikkel

Verdsett krav og tilsyn