Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Matsvinnavtale som gir håp

Norge har sete seg klare mål om å redusere det store matsvinnet her i landet. Innan 2020 skal svinnet vere redusert med 15 prosent, 30 prosent innan 2025 og 50 prosent innan 2030. Det er i tråd med FN sitt berekraftmål.

I den samanheng vart ein særs viktig avtale underteikna sist veke. Fem departement og 12 bransjeorganisasjonar i matkjeda har gått saman i kampen for å redusere matsvinnet. Avtalen erstattar intensjonsavtalen som styresmaktene og matbransjen skreiv under i mai 2015.

Formålet med avtalen er blant anna og fremme betre utnytting av ressursar og råstoff, gjennom førebygging og reduksjon av matsvinn i heile matkjeda. Vidare skal avtalen bidra til betre kunnskap og haldningar blant forbrukarar og i matbransjen.

Her ligg ein stor jobb og ventar. Kvart år vert det kasta rundt 350 000 tonn med mat her i landet. Eit enormt tal.

Godt over halvparten av dette svinnet står vi for. I gjennomsnitt kastar kvar nordmann 42 kilo mat som kunne vore eten kvart år.

Annonse

Matvarekjedene må gjere sitt, det same må eg og du. Det handlar mykje om haldningar. Mange butikkar har no eigne diskar med mat som er i ferd med å gå ut på dato, i tillegg blir fleire matvarer merka med «best før», framfor «må brukast innan».

Vi må ta tak på våre eigne kjøkken. Det er ingen grunn til å berre stola på ein dato – lukt og smak på maten, ikkje berre kast han i søpla.

Jordbruket bidreg med betydelege klimagassutslepp, hovudsakleg i form av metan frå husdyr og husdyrgjødsel, lystgass frå gjødsel og jord og CO₂ frå myr og åkerdyrking. Ein reduksjon av utsleppa er ein viktig føresetnad for eit berekraftig jordbruk.

Om lag 10 prosent av klimagassutslepp i den rike delen av verda kjem frå dyrking av mat som aldri vert eten. Matsvinnet er eit enormt samfunnsproblem. Vi får håpe avtalen gir resultat som forventa – eller betre.

Neste artikkel

Flyreiser under teppet