Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Har registrert mange tilfelle av harepest

Funne hjå harar frå Agder, Buskerud og Indre Sogn.

Bakterien kan smitta menneske og mange ulike dyreartar. Harar som oppfører seg unormalt under jakt, bør ikkje slaktehandsamast, skriv Veterinærinstituttet. (Foto: Colourbox)

Veterinærinstituttet har den siste tida diagnostisert harepest (tularemi) hjå mange harar og ein hund – alle frå Sør-Noreg.

Harane har blitt innsendt frå Agder, nordre del av Buskerud og Indre Sogn i løpet av dei siste vekene, skriv Veterinærinstituttet.

Tularemi (harepest) skuldast infeksjon med bakterien Francisella tularensis.

Bakterien kan smitta menneske og mange ulike dyreartar. Haren er spesielt følsam for infeksjon og døyr vanlegvis av blodforgifting få dagar etter at han har blitt smitta.

Hundar kan smittast ved fangst eller ved å eta smågnagarar. Vanlegvis utviklar dei forbigåande sjukdom.

Særleg i smågnagarår

Hjå hare opptrer tularemi som oftast om ettersommaren og hausten, og førekomsten av sjukdommen varierer frå år til år, med høgast førekomst i smågnagarår.

Smågnagarar utgjer eit viktig smittereservoar for bakterien i naturen.

Annonse

Det vert opplyst at det er mykje smågnagarar i dei aktuelle områda, samt at den lokale harebestanden synest å vera høgare enn vanleg, skriv Veterinærinstituttet.

Forsiktig med daude dyr

Harar som oppfører seg unormalt under jakt (går tregt i los), bør ikkje slaktehandsamast, då dette kan vera teikn på at haren er sjuk.

Tularemi kan også opptre hjå menneske (zoonose). For å unngå smitte må ein:

vera varsam med å handtera daude eller sjuke harar og smågnagarar.

ikkje drikka vatn frå mindre, opne drikkevasskjelder i område med stor førekomst av smågnagarar eller i område der det er påvist tularemi hjå hare.

Neste artikkel

Andelen økologisk landbruk kan og bør økes