Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Går mot ny plommerekord

Verdiskapinga av frukt er stor i Hordaland.

Fruktfylke: Rundt ein tredel av all norsk konsumfrukt kjem frå Hordaland, viser tal frå Nibio. (Arkivfoto)

Om lag 60 prosent av den dyrka jorda i drift i Hordaland blir brukt til gras, altså grovfôrproduksjon. Nær 40 prosent blir brukt til innmarksbeite, skriv Nibio.

Verdiskapinga frå mjølkeproduksjon er størst, og utgjer om lag 45 prosent. Rundt 30 prosent kjem frå sauehald.

Samtidig er Hordaland det fylket i landet som har mest lokalforedla geitemjølk.

Sider og saft

Berre to prosent av areala blir brukte til fruktproduksjon, viser tal frå Nibio.

– Sjølv om delen areal til fruktproduksjon er liten, er det mykje innovasjon og nytenking knytt til verksemdene her, og verdiskapinga er stor. Framtidstrua er stor i fruktområda, seier landbruksdirektør Åse Vaag i Hordaland.

Nye produkt som sider og saft har bidratt til å styrke inntektsgrunnlaget. – Det gjeld særleg på dei mindre bruka, seier Vaag.

I år går det mot ny rekord på plommer i Norge, over 1400 tonn på landsbasis. Mesteparten av plommene kjem frå Hardanger.

Ja, det er stor optimisme i fruktnæringa

Annonse

– Det er gode avlingar, og vi har fått nytta plommene bra, seier Jørund Kvestad, kulturansvarleg for plommer i Gartnerhallen.

Har dyrkar sjølv plommer og eple på Jåstad i Ullensvang.

Kundane vil ha meir norsk frukt

Årets plommesesong går no raskt mot slutten.

– Med sortar som Opal, Mallard, Jubileum, Reeves og Victoria på same tid, då vert det mykje plommer. I tillegg har det vore lite vind, og det er lite plommer som har sprokke, seier Kvestad som støtter analysen til landbruksdirektøren.

– Ja, det er stor optimisme i fruktnæringa. Norske forbrukarar vil kjøpa norsk frukt, og store aktørar som Coop og Bama har stor tru på norsk frukt og vil selja meir. I dag er det for lite norsk frukt, både moreller, eple og plommer, for å dekka den aukande etterspørselen, seier Kvestad.

Neste artikkel

Beskytter eplene med haglnett