Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frukt og bær står for tiandedel av verdiskapinga

Sterk vekst i frukt- og bær-produksjonen i Telemark.

Stor verdiskaping: Telemark-bøndene har treft blink med frukt- og bærsatsinga dei siste åra, stadfestar Fylkesmannen i Telemark. (Foto: Anne Rostad, Rolvsøy)

Frukt- og bærproduksjonen i Telemark brukar to prosent av jordbruksarealet, men står for ti prosent av verdiskapinga i jordbruket. Det viser ein fersk rapport om verdiskaping i Telemark sitt jordbruk frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Av ein samla bruttoproduksjon på 402 millioner kroner i 2015, kom 42 millioner frå frukt og bær. Det er ein auke 30 prosent sidan 2011. NIBIO sitt arealbarometer viser at knapt 5 000 dekar av jordbruksarealet på 240 000 dekar blir brukt til frukt- og bærproduksjon i Telemark.

– For å kunne meine, og ta gode avgjerder, treng vi god dokumentasjon. Vi treng kunnskap om jordbruksareala i landet vårt, kvar dei finst og om eigenskapane og kvaliteten på ressursane. Slik innsikt gir Arealbarometera frå NIBIO, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Les også: Per Olaf Skutle tror på kraftig vekst for grøntnæringa

Samspel og gode naturgitte føresetnadar

Fylkesmannen i Telemark melder at bøndene har treft blink med frukt- og bærsatsinga dei siste åra. Dei gode naturgitte føresetnadene i fylket eignar seg godt til produksjonen. Den positive utviklinga er eit resultat av godt samspel mellom eit levande og engasjert fagmiljø, kompetente rådgjevarar og tilrettelegging frå sentralt hald. Epler, moreller og plommer frå Telemark er alle innvilga geografisk vern som stadeigne produkt.

Annonse

Les også: Prøver aprikos i morellbygda

Utvikling i areala

Arealbarometeret viser meir enn dobling av areal til grønnsakproduksjon i perioden 2003 til 2016. Riktignok er dette den minste delen av jordbruksproduksjonen, men veksten har vore stor. Areal til grovfôr og innmarksbeite har også auka dei siste åra. Nærare 70 prosent av den dyrka jorda blir brukt til produksjon av grovfôr og innmarksbeite. Areal brukt til potet og korn har gått ned.

Sjå arealbarometeret for Telemark her.

Les også: Elisabeth Morthen ansatt som ny direktør i Gartnerhallen

Neste artikkel

Issalget gir bra Tine-resultat