Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fekk sølvtine for geitemjølka

No startar Jan Ove og Nina Selseng eige ysteri.

Sølvtine: Nina og Jan Ove Selseng fekk sølvtina frå Tine for 15 år uavbroten leveranse av kvalitetsmjølk. (Foto: Katrine Lunke)

Leveranse til meieriet er hovudverksemda, men dei har òg starta eige gardsysteri med produksjon av brun geitost. No prøver dei seg på ein salatost for sal direkte frå garden.

Nina er med i drifta og gjer det meste med ystinga, men når Bondebladet kjem på besøk er ho på jobb utanom garden.

– «Hadde vi ikkje hatt Tine i ryggen, så hadde vi ikkje fått til dette», seier alle lokalprodusentar. Tine er fantastiske til å lokke fram lokale initiativ. Dei ser på oss som eit supplement og legg opp til eit viktig samspel, seier Jan Ove Selseng (52).

Ysteriet er etablert med støtte frå Innovasjon Norge.

Kje til slakt

Selseng leverer kje til slakt ved Nortura i Førde. Slakteritilskotet på 300 kroner per dyr bidrar til økonomien, fordi dei har meir mjølk enn dei har kvote til.

Kjea vert slakta når dei er fem veker gamle, og denne våren har Selseng levert 154 dyr til slakt.

Dei har drive med geit sidan 1986 på Selstad, inst i Sogndalsdalen , der bestefaren var bureiser med geit.

Selstad gard

Ligg i Sogndalsdalen i Sogndal kommune

120 mjølkegeiter, gardsysteri, slaktekje

63 tonn kvote, ynskjer 10 tonn ekstra

Sleg 80 mål gras

Stølsdrift

Det er eit godt fagmiljø lokalt, med fire geitebruk i nabolaget. Selseng har ein flott støl 3 km lenger inn i dalen, alle dei fire geitebøndene har dyra på same stølen.

Måtte sanere

Det har vore mykje jobb, 15 år på rad utan ein einaste tank med kvalitetssvikt, kjem ikkje av seg sjølv.

– Vi sanerte i 2013, sjølv om vi hadde friske geiter utan paratuberkulose og med lite byllesjuke. Vi venta i det lengste i håp om å sleppe, men det var ingen bøn. Vi måtte kjøpe alle killingane fordi det vart forboden å snappe.

– Det er mange som seier at saneringa var ei velsigning for næringa, men vi måtte slakte og avlive 20 dyr seinast i fjor på grunn av jurproblem. I år ser det mykje betre ut. Vi fôrer påsettkjea med pulverautomat for å unngå evt. smittespreiing. Jurproblema er det Staphylococcos aureus som skapar. Den kapslar seg inn. Alle prøver kan vere heilt fine, men plutseleg er dei dårlege og dyra kan smitte kvarandre. Dette har gjeve mykje ekstraarbeid, men vi har halde kvaliteten heile vegen ved å ha gode rutinar, seier Jan Ove.

Nytt mjølkefjøs

Selseng reiv alt i geitefjøsen og bygde ny mjølkeavdeling med teknisk rom og kontor, automatisk tildeling av kraftfor, og mjølkestall med automatisk avtaking og elektronisk registrering.

Den gamle fjøsen huser killingar om vinteren.

Geitene vert fôra med både silo, rundballar og tørka høy. Silo og rundballar vert kasta opp i rivaren som slepp det ned før fôrblandinga blir skyvd ut.

«Det er mange forbrukarar som ikkje har fått med seg den store kvalitetshevinga»

Jan Ove Selseng
Annonse

Rullande fôrbrett vart droppa fordi det blei for dyrt. Det ideelle for fôrbrett er eit langt fjøs, men slik var ikkje forma på fjøset.

– Vi var av dei fyrste som fekk golvrister i plast med gitterdragar frå Reime, og dei har halde. Golvet er 10 meter breitt med mur i midten og lister langs veggane som held golvet i ro. Med trekanta kubbar mellom dragarane får ikkje golvet vridd seg, seier Jan Ove.

Sommaren 2014 vart stølen modernisert. Jan Ove og Nina gjorde jobben sjølve, med god hjelp frå familien. Dei brukte snekkar berre ved oppsetting av servicebygget.

– Eg må gjere det meste sjølv eller gå ut i arbeid. Då vel eg snekring, seier han.

Sit i klisteret

Jan Ove og Nina Selseng har 120 mjølkegeiter, men det er plass til 130. Fjøsen kan utvidast ved å ta ein silo. Han mjølkar fram til nyttår for å dra nytte av høg mjølkepris, og legg opp til sein kjeing i mars.

– Vi har investert så mykje at vi sit i klisteret. Kvoten på 63 tonn er for liten, og no satsar vi på å kjøpa 10 tonn ekstra. Det vil dekkje behovet. 10-15 000 liter går til killingane som blir fôra opp, og nokre tusen liter går til ystinga.

– Kvoten er dyr, vi må ut med 30 kroner literen. Men kva skal vi gjere? Utan kvoteordning hadde det vorte kaos. Så lenge det er mange som vil kjøpe kvote og Tine ikkje treng meir mjølk, blir det sånn, seier Jan Ove.

Kvalitetsheving

Han gler seg over at det har skjedd ein revolusjon med smak og kvalitet på geitemjølka. Ein genfeil som førte til høge frie feittsyrer og beisk smak er retta opp, og alle hanndyr vert testa for dette.

– Mjølkekvaliteten var mykje dårlegare for 20 år sidan. Men det er mange forbrukarar som ikkje har fått med seg den store kvalitetshevinga. Det er ein barriere vi må bryte ned for at forbruket av geitemjølk skal auke i åra framover, seier Jan Ove Selseng.

Triveleg arbeid

Han synest geitehaldet er triveleg.

– Geitene er særs intelligente og nysgjerrige dyr som er trivelege å omgåst til dagleg. Det er viktig når dei skal mjølkast og flyttast til og frå stølen med nye rutinar. På stølen går dyra fritt natt og dag, og vi har mjølkestall der også. Geitene mjølkar litt mindre på stølen enn heime, fortel Jan Ove.

Geitegarden er eit familieføretak. Nina og Jan Ove har tre vaksne barn som alle har tatt sin tørn med geitene, og Jan Ove sine foreldre på vel 70 hjelper stadig til i fjøsen.

Faren dreiv også maskinforretning i mange år.

Neste artikkel

Reierstad fortsetter som styreleder i Tine