Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vekkar av tørken?

Landet vårt er knusktørt. Tørken har ført til ei så alvorleg fôrkrise at bønder vurderer å slakte dyra sine. Grunnvassreservoara skrumpar inn, og torevêr fører til skogbrannar i store deler av Sør-Norge.

Det er inga endring i sikte heller. Dei områda som skulle hatt nedbør ligg ikkje an til å få det. Enkelte stader kjem det mykje nedbør på kort tid, men jordsmonnet klarar ikkje å fange det opp. Det renn unna.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale ser alvoret i fôrsituasjonen. Departementet legg no til rette for at kornprodusentar som vel å slå åkeren til grønfôr, vil ta imot arealtilskot korn. Kornbønder som vel å slå fôret til grønfôr får erstatning som grovfôrproduksjon for det aktuelle arealet, dersom dei har rett på dette. Det vil sei at avlinga er pr. definisjon grovfôr, sjølv om ein mottar arealtilskot korn for arealet. Dersom ein vel å så i med raigras etter at åkeren er slått, skal det ikkje komme til frådrag ved utrekning av skadeerstatningen.

Halm kan bli viktig for dyra i haust og vinter. Halm har lite protein, og fôropptak og fordøyelighet av ubehandla halmtørrstoff er mykje lågare enn for høy- og surfôr-tørrstoff. Men næringsverdien til halmen kan aukast ved å behandle han. I kombinasjon med gras, vil halmen kunne dekke behovet for struktur og gi noko ekstra energi.

Annonse

Norsk Landbruksrådgiving har no oppretta ein oversikt på si heimeside over kor tilgjengeleg halm og anna grovfôr er. FK Agri har òg etablert ei teneste for å formidle halm mellom kornbønder og husdyrbønder.

Vidare har Innovasjon Norge stor forståing for den vanskelege situasjonen. Dei er positiv til å vurdere avdragsutsetjing på lån.

Årets grovfôrsituasjon gjer at landbruket må gjere alt for å berge det som er mogleg av potensielt grovfôr. Det gjeld å redusere skadeverknadene av tørken både for bonden og samfunnet. I tillegg bør dette vere ein vekkar: Mat er ingen sjølvfølge.

Neste artikkel

Luter halmen i fullfôrvogna