Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tid for lam

Publisert: 16.02.17 09:01 | Oppdatert: 17.02.17 11:12

Ved årsskiftet var det over 3 200 tonn lammekjøtt på reguleringslager. Veksten er på nær 1 800 tonn frå same tid i fjor. Prognosen viser nye 1 700 tonn i overskot i 2017. Til samanlikning hadde vi i 2014 eit underskot på 2 200 tonn lammekjøtt.

Over 80 prosent av den årlege slaktinga av sau og lam skjer mellom august og november, ifølge Landbruksdirektoratet, og nordmenn sitt konsum av lammekjøtt ber preg av det. Vi et fårikål på hausten, pinnekjøtt til jul og lammelår til påske.

No har Nortura innført ekstra frysefrådrag på lammekjøtt, og det er tid for felles dugnad. Dersom kvar forbrukar et tre måltid meir med lamme- og sauekjøtt i år, er vi nemleg kvitt overskotslageret.

Norgesgruppen skal i gang med fleire kampanjar utover vinteren og våren. Forbrukarane spør etter stadig meir ferskt kjøtt, og det må daglegvarehandelen få på plass. Det må vere lam i butikken året rundt.

Det må òg vere ein samanheng mellom pris til bonde og forbrukar. Gjennomsnittleg engrospris på lammekjøtt, som blir bestemt av marknadsregulator Nortura, er sidan 2. halvår 2015 kutta med nær 6 kroner pr. kg.

Pris er det viktigaste reguleringsverkemiddelet. Når prisendringar ikkje når ut i sluttmarknaden, forsvinn mykje av verdien av det.

Nortura og Matprat må også ta del i dugnaden. Lammekjøtt smakar like godt i februar og mars, som til jul. Det gjeld å nå ut med informasjon om kvalitet og smak på lammekjøttet, og med enkle og gode oppskrifter.

Kan ein lære noko av Sjømatrådets marknadsføring av sushi? Den fyrste restauranten som serverte sushi i Norge, opna i 1985. Mange var skeptiske til at rå fisk ville slå an her i landet, og i starten var dette ein trend i urbane strøk. No er sushi in. Det er sunn mat, og sushi finst i nesten alle dei store matkjedene. Det fekk fart på salet. I tillegg har mange nordmenn begynt å lage sushi på eiga hand.

Sushi eller lam, det handlar om å få forbrukarane til å tenkja i nye banar. Då blir det meir lammekjøtt på middagsbordet gjennom vinteren òg. •



Annonse