Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Svært alvorleg for fôrsituasjonen

Mai 2018 er den suverent varmaste sidan 1900, som er fyrste år i statistikken frå Meteorologisk institutt. Månaden ligg heile 4,2 grader over normaltemperaturen for mai. «Det er eksepsjonelt. Jeg har aldri sett noe liknende», seier klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt til yr.no.

Langvarig finvêr er meir enn gode badetemperaturar og sydenstemning. For mange bønder er situasjonen svært alvorleg. Kornet har ikkje buska seg, men berre vekse i høgda eller stoppa opp, og avlingane ser ut til å bli svært dårlege.

Mange grasbønder har unnagjort fyrsteslåtten, og avlinga er for dei fleste langt under middels. Det gjer at fôrsituasjonen kan bli svært vanskeleg framover. Mange bønder har lagt ned mykje pengar og arbeid i kjøp av såvarer, gjødsel og våronn, men mykje av dette kan vere tapt.

I Danmark og Sverige strevar mange bønder med den same tørken. Fleire danske jordbærprodusentar melder om store tap på grunn av høge temperaturar. Det er spådd at klimaendringane i det 21. hundreår vil få størst konsekvensar i Sør-Europa og Sentral-Europa – og mindre konsekvensar i Norge.

Annonse

Årets maimånad bør bli enno ein vekkar om kva vi har i vente. Vi er blitt meir vande med ekstreme nedbørsmengder, men langvarig tørke er vi mindre vande med.

Då Parisavtalen blei vedteke i desember 2015, låg det også inne ei oppfordring til FNs klimapanel om å lage ein spesialrapport som ser på klimaendringar ved 1,5 og 2 grader global oppvarming. Rapporten skal lanserast i haust. Han bør lesast av alle politikarar.

Mange landbrukskontor får no spørsmål om det blir mogleg å søke erstatning for avlingsskade på grunn av tørken. Det er informasjon om dette på Landbruksdirektoratet sine heime­sider. Erstatning føresett at det er godt dokumentert at det er ein klimatisk skade som er årsak til avlingssvikten. Derfor er det viktig å dokumentere skadane og omfanget. Ta kontakt med kommunen dersom du treng råd og hjelp.

Neste artikkel

Advarer mot ensidig produksjonsfokus