Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Strutsepolitikk om kyllingslakteri

Sist veke vart det klart at Norsk Kylling AS har bestemt å plassere sitt nye slakteri i Orkdal. Det fører til at 100 dekar matjord egna for korndyrking blir ofra, framfor andre tomtealternativ.

Det har vore stor spenning knytt til kor fabrikken skal byggast. Malvik har vore eit alternativ, i tillegg til Støren i Midtre Gauldal, kor fabrikken ligg i dag. Norsk Kylling mottar kylling frå rundt 150 produsentar.

Det er mykje som er vanskeleg å forstå, og avgjerda til Norsk Kylling AS og kommunepolitikarane i Orkdal går rett inn i denne kategorien.

Alle partia i kommunestyret i Orkdal vil ha slakteriet til kommunen. Det er lett å forstå, slakteriet vil gje rundt 300 nye arbeidsplassar. Paradokset er at ein må ofre god matjord for næringsutvikling.

Paradokset blir ikkje mindre av at det er eit kyllingslakteri det er snakk om. Ein ofrar god kornjord for å slakte kylling. Det er klassisk strutsepolitikk.

Tidleg i september sa fylkesmannen i Sør-Trøndelag nei til å omdisponere matjorda, men dei trakk innvendinga tre veker seinare. Grunnen var at kommunen la fram dokumentasjon på at Norsk Kyllings krav om tilgang til vatn, elektrisitet, avløp og veg ikkje var mogleg å få til andre stader i kommunen. Er dette heile sanninga?

Annonse

2015 var det «Det internasjonale jordåret» i regi av FN. Mange tok fram vern av matjord som eit sentralt punkt i jordåret. Året etter bygde vi ned om lag 6000 dekar med matjord i Norge.

Det viser tydeleg at det blir for mange fine festtaler, utan at ein føl opp med praktisk handling – vern av matjorda.

Skal ein nå Stortingets mål om å avgrense nedbygginga av norsk matjord til 4000 dekar i året innan 2020, må det til meir enn festtaler. Matjorda taper gong på gong.

God jul!

Redaksjonen i Bondebladet ønskjer alle sine lesarar ei riktig god jul og eit godt nytt år i 2018!

Neste artikkel

Ber om innfrakttilskudd for kylling og kalkun