Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Større skilnader med Frp

Det er valkamp «overalt» dei siste vekene inn mot valet 11. september. Landbruk og distriktspolitikk er på dagsordenen mange stader, og landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) har teke æra for at vi har fått fleire heiltidsbønder og at Vestlandet har auka sine marknadsdelar på ku og sau.

Eit resultat av regjeringa sin politikk, har Dale sagt.

Ja, det er viktig med fleire heiltidsbønder, fordi det betyr at fleire kan leve av å produsere mat her i landet. Det har blitt enklare å satse stort og bli større.

Men det er ingen tvil om at prioriteringa av større bruk, har gått ut over dei som er små og mellomstore. I tillegg er det langt frå alle heiltidsbønder som har fått betre økonomi.

Eit resultat av regjeringa sin politikk er større skilnader i inntektsutviklinga mellom små og store bruk dei siste åra. Regjeringa har heile tida forsøkt å heve inntektene til dei store bruka, på kostnad av dei små.

Årets tal frå Budsjettnemnda for jordbruket viser til dømes at inntektene for eit mjølkebruk på Vestlandet, ligg 35 000 kroner lågare per årsverk enn snittet på landsbasis. Det er også på Vestlandet at mest jord går ut av drift.

Annonse

Vidare har sauenæringa har hatt ein betydeleg inntektsnedgang dei siste to åra, på grunn av overskot av lammekjøt og låge prisar.

Dersom vi sender ut det signalet om at det berre er heiltidsbonden som er verd noko, kan vi miste mange bønder og enno meir areal kan gå ut av produksjon. I jordbruksmeldinga står det tydeleg at målet er å produsere meir mat på norske ressursar, og å leggje til rette for både store og små bruk.

Eitt landbruk over heile landet føreset at alle får ta del i inntektsveksten. Det er ei kjensgjerning at distriktslandbruket i Agder, på Vestlandet og i Nord-Norge har blitt hengande etter.

Det er også eit resultat av regjeringa sin politikk.

Neste artikkel

Inviterte politikarane på frukost