Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Står sterkare saman

I Hardanger har det vore dyrka frukt sidan 1300-talet. Munkar, klima, jordsmonn og gode vekstvilkår la grunnlaget for ei blømande næring. Mange turistar forbind Hardanger med fjord, fjell, fossar, og fruktbløming.

Om lag 40 prosent av all norsk frukt blir dyrka i Hardanger, særleg eple og plommer. Morellene, som mange forbind med regionen, har hatt ei negativ utvikling dei siste 10–15 åra. Morellene er modne i juli og blir rekna som oppstarten på den rike frukthausten.

Lærdal og Telemark har planta mykje moreller og blitt særs viktige stader for den ettertrakta steinfrukta. Dei har betre klima og mindre nedbør enn Hordaland, men med tunnelar er det igjen håp for meir moreller i Hardanger. I Ullensvang har fire fruktbønder gått saman om satsing på moreller. Det kan vere løysinga for fleire fruktbønder.

I Lærdal kunne dei lite om moreller då dei starta opp, men godt samarbeid med Nibio, Graminor og Norsk Landbruksrådgiving har gitt resultat. I dag står Lærdal for 40 prosent av morellproduksjonen i Norge.

Annonse

Hardanger fjordfrukt, Ullensvang fruktlager og Nå fruktlager har gått saman om prosjektet «Meir Hardangermoreller». Her tilbyr dei rådgiving og støtte til fruktbønder som vil satse på moreller. I Ullensvang gir dette resultat. 75 dekar med moreller er no under planlegging i kommunen.

Det er optimisme i fruktnæringa, og fleire unge vil satse i næringa. Norske forbrukarar vil kjøpa norsk frukt, og store aktørar som Coop og Bama har stor tru på norsk frukt og vil selja meir.

I tillegg har nye produkt som sider og saft vore med og styrke inntektsgrunnlaget på mange fruktgardar.

I dag er det for lite norsk frukt, både plommer, eple og moreller, for å dekka den aukande etterspørselen. Fleire fruktbønder ser no på samarbeid som ein moglegheit til å styrkje eigen produksjon og gard. Det er godt nytt for produksjonen av norsk frukt.

Neste artikkel

Startar opp morell-samdrift