Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skuffande tilbod frå regjeringa

Statens tilbod til landbruket har ei ramme på 410 millionar kroner. Det skal gi ein forventa inntektsvekst i jordbruket på 2,25 prosent i 2018 – medan prognosen for samanlikningsgruppa er på 3,1 prosent.

Staten legg opp til at landbruket skal ta ut 250 millionar kroner i auka prisar.

Tilbodet frå regjeringa tar ikkje Stortinget på alvor. I den nye jordbruksmeldinga står eit mangfaldig landbruk i heile landet sentralt. Det same gjer målet om å redusere inntektsgapet til andre grupper.

Regjeringa føl ikkje opp dette. Dei viser manglande vilje til å satse nok på matproduksjon i heile landet. Skal ein få til dette, må alle få sin del i inntektsveksten. Dei mindre og mellomstore bruka står samla sett for ein betydeleg del av matproduksjonen. Skal desse bruka henge med vidare, er det heilt nødvendig med eit inntektsløft.

Overføringane til jordbruket på statsbudsjettet har under dagens regjering auka med 223 millionar kroner sidan 2014, men justert for inflasjon har realverdien gått ned 846 millionar kroner, viser tal frå Norges Bondelag.

Annonse

Det er naturleg å inflasjonsjusterte budsjettstøtta for å vise den reelle økonomiske utviklinga. Overføringa til jordbruket må også inflasjonsjusterast for å følgje prisveksten ellers i samfunnet.

Nedgangen fører til redusert økonomisk handlingsrom for bonden. Mange føler at dei sakkar etter økonomisk, og ein del må ta anna arbeid i tillegg for å få hjula til å gå rundt. Det betyr mindre tid til viktig arbeid på garden, med tidspress og auka risiko for uhell og ulykker som resultat.

Eitt anna viktig stikkord er rekruttering av unge til næringa. Rekruttering er blitt eit særs populært tema i politikarane sine festtaler, men sanninga er at regjeringa har fremma fleire forslag som vil gjere det vanskelegare for ungdom å velje bondeyrket.

No hadde dei sjansen til å komme bøndene i møte, men dette tilbodet er ingen opptur.

Neste artikkel

– Mer liberalisering vil bli vanskelig å få gjennom