Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

På tide med tiltak mot villsvin

I Sverige har ein i mange år registrert store skadar på grunn av villsvin. Totalt vart 42 000 tonn korn øydelagt av villsvin i 2013 (rapporten Viltskador i lantbruksgrödor 2014). Sveriges landbruksuniversitet kalkulerer den årlege kostnaden for det svenske jordbruket til ca. ein milliard svenske kroner, og kostnader ved trafikkulykker på grunn av villsvin ligg på ca. 100 millionar kroner. Nesten ti prosent av jordbruksareal i villsvinområda i Sverige er ramma.

Det kjem stadig fleire villsvin over grensa frå Sverige til Norge. Østfold og Hedmark er særleg råka, og svenske forskarar har tidlegare sagt at det kan vere 100 000 villsvin i Norge om 25 år. Norges Bondelag krev no fleire tiltak for å unngå storinnrykk av villsvin. Dyra kan føre til store skadar både på skog og åkermark. I tillegg kan dei ha med seg smitte, blant anna afrikansk svinepest, som kan spreie smitte i norske svinebesetningar.

Afrikansk svinepest er ein svært smittsam virussjukdom hos svin. Det er eit DNA-virus som fører til sjukdommen, men viruset smittar berre til dyr av svinefamilien. Tamsvin og europeisk villsvin er svært mottakelege for infeksjonen, som ofte fører til at dyra dør. Griser som overlever, blir berarar av viruset. I land som Ukraina, Russland, Polen, Ungarn og Litauen skapar også villsvin store problem for landbruket, og svinenæringa er særleg uroa.

Annonse

Bondelaget har no bedt Vitenskapskomiteen for mat og miljø om å vurdere risikoen for sjukdomssmitte. Det må på plass fleire tiltak for å unngå storinnrykk av villsvin. Dei kan øydeleggja store areal med åkerland, og smitte frå dyra kan true den norske svinenæringa, ikkje minst norsk svineavl. Det må vi gjere alt for å unngå.

«Villsvinet har kommet for å bli, og det må vi lære oss å leve med», seier viltkonsulent Webjørn Svendsen i Norges Jeger og fiskerforbund på side seks i denne avisa. Det er ei merkeleg haldning. Å overvinna skadedyr som spreier smitte og øydelegg norsk fauna, må vere eit opplagt val for styresmaktene.

Neste artikkel

Coop lanserer egg fra utegående høner