Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Opptur for norsk kylling

For tre år sidan meinte forskar ved Folkehelseinstituttet, Marianne Sunde, at det måtte vurderast om det burde stå på pakken at kylling er eit risikoprodukt, og at ein bør vere varsam når ein handsamar han.

Sunde var medlem av ekspertgruppa som leverte ein rapport om antibiotikaresistens for vel tre år sidan. Rapporten viste at 43 prosent av all slaktekylling var smitta med antibiotikaresistente bakteriar av typen ESBL i 2011.

ESBL er ei forkorting for extended spectrum betalactamase. I praksis betyr det at bakterien har resistensmekanismer som hemjar effekten av dei vanlegste typane av antibiotika. Kyllingsalet i Norge stupte som ein følgje av alle medieoppslaga rundt dette. Fjørfenæringa måtte gå inn med tiltak, og dei måtte handle raskt.

Norske, svenske og danske importørar gjekk saman og stilte krav til den skotske eksportøren av avlsmaterialet, om at førebyggjande antibiotika skulle ut. Bruk av antibiotika er den viktigaste drivaren for utvikling av antibiotikaresistens. I tillegg har næringa gjort mykje med hygienen i kyllinghusa.

Annonse

Dette har verka, og i år er det ikkje påvist ESBL i importmateriale, viser NORM-VET-rapporten. I dei selektive undersøkingane Veterinærinstituttet gjorde etter ESBL-produserande bakteriar, fann dei det i 10,8 prosent av kyllingbesetningane og i 9,7 prosent av det kyllingkjøttet som vart testa.

I rapporten går det fram at 90 prosent av all antibiotika som blir brukt i Noreg, blir brukt på menneske. Berre ti prosent av antibiotika som blir brukt, går til dyr, kjæledyr inkludert. På verdsbasis går bortimot to tredjedelar av all antibiotika som blir brukt, til dyr.

Fjørfenæringa har gjort ein god og viktig jobb. Norsk matvareproduksjon og norsk dyrehald er i ein særklasse, og det må vi ta vare på. Men dette er eit stort internasjonalt problem. Høg reiseaktivitet og import gir risiko for spreiing av resistente bakteriar.

Neste artikkel

Andelen økologisk landbruk kan og bør økes