Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Livsviktige HMS-besøk

Travle onner, pressa økonomi, dårleg vêr, mengder med papirarbeid – i periodar betyr bondeyrket stort arbeidspress og lange arbeidsdagar. Det er fort gjort å gjere ei feilvurdering, og «skulle berre» er eit uttrykk som mange vil kjenne seg att i.

Tre personar mista livet i arbeid knytt til landbruket i 2017. Til samanlikning var det frå åtte til ni dødsulykker kvart år frå 2012 til 2015, og fire dødsulykker i 2016, viser tal frå Arbeidstilsynet.

Landbruksnæringa har prioritert godt HMS-arbeid over fleire år. Norges Bondelag, Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og Småbrukarlaget har lagt ned mykje arbeid i prosjektet «Godt bondevett». I tillegg har Bondelaget halde kurset «Tryggere saman» for mange bønder. Dette gir resultat.

I løpet av 2017 har HMS-rådgivarar i NLR utført 1950 HMS-besøk. Ein vernerunde står sentralt ved eit HMS-besøk, det betyr at rådgivaren og bonden ser på ulike faremoment i gardsdrifta saman. Det kan gi mange aha-opplevingar om potensielle farar, og kor lett det er at ulykker skjer.

Det gjeld å forstå bondens sin kvardag og dei faktorar som påverkar og fører til ulykker. Det er lett å sjå seg blind på ting ein omgir seg med kvar dag, det kan bli ein vane med dårleg HMS.

Annonse

HMS-rådgivarane, saman med vener og familie, kan òg vere gode samtalepartnarar for bønder som slit i kvardagen. Gjennom kriseførebygging og hjelp til bønder som treng det, kan ein avverja både ulykker og potensielle tragediar.

Dødstala er framleis for høge, og vi må halde fram med arbeidet for å komme ned til null. Alvorlege ulykker og skadar må også ned, meiner Birte Usland i Bondelaget.

Ingen kan sikre seg 100 prosent mot skader eller ulykker, men arbeidet må gjerast så sikkert som mogleg. Tenk HMS før arbeidet, og ta høgde for at uføresette ting kan hende.

I desse dagar er det mange som må fjerne tung snø frå tak på hus og driftsbygningar. Sørg for å ha god sikring mot fall, og at du har nokon å arbeide saman med.

Neste artikkel

Reime inngår avtale om sauegulv med Gjensidige