Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Poteter i Mesterligaen

«Det er viktig å gå på banen for å være best mulig sjøl. Men det er langt viktigere å gå på banen for å gjøre medspillerne gode. For å utføre store prestasjoner og løse kompliserte problem, må alle aktørene i fellesskapet ville det samme.»

Orda høyrer til den store fotballhøvdingen i Rosenborg, Nils Arne Eggen, men no kan det passe å dra orda hans over i potetnæringa.

Norskansvarleg i Bama, Espen Gultvedt, meiner nemleg at målet om 80 prosent norskdel i potetforbruket i 2017, blir nådd takka vere godt lagspel i heile verdikjeda.

For ti år sidan var situasjonen omtrent den same som no. 81 prosent av potetene i butikkane var norske i 2007, men so gjekk det brutalt nedover. I 2013 og 2014 var rundt 60 prosent av potetene norske, viser tal frå Landbruksdirektoratet.

Verdikjeda har jobba godt og langsiktig med fleire ting. Sentralt her står ein auke i kvaliteten på norske poteter. Det måtte på plass for å selje meir norske poteter. I tillegg kjem nye pakningar med betre merking, både sortsmerking, Nyt Norge-merket og Gartner-merket.

Annonse

Fleire i bransjen meiner det er mogleg å auke salet av norske poteter enno meir. Salet av småpoteter går jamt oppover, men her er det potensial for vekst. Blant anna ved å finne gode kombisortar, kor ein kan utnytte poteter av ulik storleik.

Grøntsektoren er i tøff konkurranse med importvarer, og hausten i år har tydeleg vist at mykje nedbør kan skape store problem både i grønstsektoren og andre produksjonar. Potetene kan utvikle vorteskurv, noko som gjer at dei blir fortare mjuke og mindre delikate.

Men uansett breiddegrad og klimatiske forhold. Rosenborg har kvalifisert seg for Mesterligaen ni gonger, og i 1996/97 kom laget til kvartfinalen etter å ha slått ut AC Milan. Norske poteter, med heile verdikjeda på laget, er i ferd med å få til det same, ved å slå ut såkalla gourmetpoteter frå kontinentet.

Neste artikkel

Når målet om 80 prosent norske poteter