Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Korleis kan vi bry oss?

Det er mange som er opptatt av god dyrevelferd. I Norge har vi god dyrevelferd, og mange bønder kan mykje om dyrevelferd. Dei er glad i dyra sine og jobbar hardt for at dyra skal ha det best mogleg. Derfor blir avsløringane frå Rogaland eit slag midt i fleisen.

Videoopptak som Bondebladet har fått tilsendt frå Mattilsynet, viser blant anna sjuke grisar som blir etne på av friske grisar, og grisar som ligg tilsmurt i eiga avføring. Slik kan vi ikkje ha det her i landet. Det er få som øydelegg for mange, men bilda festar seg, og dei hefter ved norsk matproduksjon.

I mange grisebesetningar er veterinærane på regelmessig besøk. Men samstundes er det nokon som aldri har dyrlegebesøk, og det er ikkje godt nok. Det som er avdekka er i høgste grad med på å aktualisere 1–3 obligatoriske dyrlegebesøk årleg, meiner Norsvin-leiar Geir Heggheim.

Å skape rette haldningsendringar er sentralt. For å sikre ein betre beredskap, er det viktig at alle involverte i næringa sjølv spelar ei rolle. Vi er avhengige av at slakteria melder frå, og at heile rådgivings- apparatet spelar ei enno sterkare rolle.

Annonse

Eit sentralt punkt er førebygging. Kan fleire naboar, vener og familiemedlemmer bidra til å unngå tilhøve med dårleg dyrevelferd? Korleis kan vi bry oss og ta meir ansvar? Her er det gjort ein del, men landbruket må diskutere og snakke enno meir om dette.

Kunnskap må på plass for riktig behandling av dyr. Mattilsynet må ha nok ressursar til å drive god rådgiving, gjennomføre kontrollar og ha eit målretta samarbeid med dei ulike næringane. Då blir det heilt feil å kutta i budsjettet til Mattilsynet. Det vil svekke Mattilsynet.

Å følgje opp dyrevelferd krev store ressursar. Eit anna område regjeringa har sagt dei vil satse på er bekjemping av matkriminalitet. Kutta vil gjere det vanskelegare å avdekke omsetting av smuglervarer og følgje opp import av planter, dyr og næringsmiddel.

Skrantesjuke (CWD) og overvakinga av multiresistente bakteriar (MRSA) er andre store oppgåver for Mattilsynet.

Neste artikkel

Avkreftet mistanke om Q-feber på Østlandet