Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kan gå mot ny VM-stemning i Bergen

Norge har på nytt markert seg sterkt under oste-VM (World Cheese Awards), som nyleg vart arrangert i London. Heilt til topps gjekk ein britisk ost, Cornish Kern, men heile 17 av 40 norske oster blei premierte.

Éin norsk ost fekk «supergull». Det var Lille Aske frå Bo Jensen, laga av geitemjølk frå Astrid og Njål Sikveland i Aurenes. Dei to har levert elitemjølk i 20 år.

I fjor stilte Norge med ti ostar i VM, og Kraftkar blei kåra til verdas beste ost, uansett klasse. Osten blei også kåra til verdas beste ost gjennom konkurransen sin 29-årige historie.

Det vitner om at nivået i Norge er imponerande høgt. Det er mange her i landet som lagar handverks-ost av internasjonal toppkvalitet, på høgde med andre europeiske land som Frankrike, Sveits, Italia og Spania.

Dei mange matfestivalane og Bondens marked må få sin del av æra for dette. Oste-NM er eitt av fleire arrangement under Matstreif i Oslo kvart år.

Annonse

Tine fortener også skryt, som gjennom sitt dotterselskap Ostecompagniet gjer at ysteria kan nytte Tine sin distribusjon og hylleplass. Ostecompagniet gir også gode råd og hjelper til med ulike utfordringar for ysteria.

Men det viktigaste er likevel alle dei bøndene som har lært seg ystinga sin edle kunst. Delar av osteproduksjonen krev pinleg nøyaktigheit for å lukkast. Å få uønskte bakteriar i mjølka, vil vere ein katastrofe. Derfor kan ein heller ikkje ha noko slark i mjølkefjøset.

Det ligg mykje hardt arbeid, særleg med detaljar, bak dei mange ostane. Det som gjenstår no, er at nordmenn blir modigare føre ostedisken. Det hjelper lite med mange osteskattar, dersom det ikkje det er nok kundar.

Oste-VM neste år skal arrangerast i Bergen. Bergensarane kan lage gode folkefestar. Her får Norge ein unik moglegheit til å vise fram ost og lokalmat til heile verda.

Neste artikkel

Økt tollfrikvote på ost og storfekjøtt