Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Farlege sjukdommar kan følgje med fôret

Mange bønder er i beit for grovfôr etter den lange tørkesommaren. Dersom ein må bruke importert grovfôr, er det bonden sitt ansvar å sørgje for at ein ikkje spreier smittestoff eller planter som vi ikkje ønsker å ha i Norge.

Husdyrnæringa, fôrbransjen, Veterinærinstituttet og Mattilsynet har no laga to rettleiarar, med sjekklister, som kan redusere risikoen for smittespreiing. Det er bra, og vi får håpe dei blir lese grundig og følgt opp ved import og sal av fôr.

Det følgjer eit stort ansvar med å importere/kjøpe importert fôr. Det er ingen godkjenningsordningar for fôrimport eller fôrimportørar, berre krav om av dei som importerer er registrerte hos Mattilsynet. Det betyr at fôrimportørar sit med eit særleg stort ansvar. Bønder må kunne stole på at dei kjøper fôr som er fri for smitte.

Smittsame sjukdommar, som paratuberkulose og salmonellainfeksjonar, finst i Danmark som i dei fleste andre europeiske land. Desse kan overførast med fôr. Det same gjeld den alvorlege virussjukdommen afrikansk svinepest. Han smittar ikkje drøvtyggarar og hestar, men kan smitte gris.

Annonse

Ein bør gjere alt for å få tak i norsk grovfôr, men det er ikkje enkelt. Som alternativ to kjem grovfôr produsert i Sverige, Finland eller på Island. Det er det nest tryggaste ein kan kjøpe. I tillegg er rådet å importere grovfôr produsert utan husdyrgjødsel dei siste to åra.

Risikoen for å importere farlege smittestoff med fôrimport frå Canada og USA, blir vurdert som høg. Det er moderat til høg førekomst av MRSA og CWD i begge landa. Det blir vidare åtvara mot å bruke importert grovfôr til svin.

Norge har ei dyre- og plantehelse som ligg heilt i verdstoppen. Det skal lite til for å øydeleggje denne topplasseringa.

Neste artikkel

Luter halmen i fullfôrvogna