Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dyrevelferd på dagsordenen

Nortura og Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund (KLF) er blitt samde om nytt dyrevelferdsprogram for slaktegris. I programmet er det krav om regelmessige veterinærbesøk og fleire obligatoriske kontrollpunkt, blant anna oppfølging av sjuke og skadde dyr.

Bransjen går inn for å styrke dyrevelferden og få ned talet på avvik. Det er nødvendig, fordi svine­næringa har komme til eitt punkt kor forbrukarane har komme med spørsmål og undring om dyre­velferden i grisehusa. Dette må bransjen ta på alvor.

I tillegg er Nortura, KLF og Matmerk samde om ein ny slakteriavtale. Kjøttprodusentar som ikkje følgjer opp systemet eller har avvik, vil no få 20 prosent trekk i oppgjerspris når dei leverer dyr til slakteriet.

Avtalen vil føre til endringar for dei 12 prosentane av norske bønder som ikkje har etablert intern­kontrollsystem som KSL. Grunnen er at slakteria må ha eigen vareflyt for kjøt frå garder utan KSL. Det medfører ekstraarbeid, auka kostnader for slakteria og auka omdømmerisiko for fellesskapet. Den reviderte avtalen skal sikre like standardar på alle slakteria i Norge.

Annonse

Nye krav og fleire kontrollar får ein del bønder til å knurre, særleg gjeld dette den ny avtalen om trekk for alle kjøttprodusentar. 20 prosent trekk svir, og kan for ein del bli oppfatta som veldig urettferdig.

Det går an å forstå det, men likevel: I Norge er vi samde om ein felles standard for å revidere produksjonen på garden gjennom KSL. Det betyr at ein må følgje opp dei som ikkje har KSL, eller har avvik. Denne avtalen skal sikre at enno fleire kjøttbønder har alt på stell.

Norsk landbruk har eit sterkt omdømme, og norsk kjøt står veldig sterkt hos forbrukarane. Men tillit er ferskvare. Vår matproduksjon er synonymt med trygg mat og god dyrevelferd. Blir denne tilliten svekka, mistar norsk landbruk svært mykje.

Neste artikkel

Nortura og Orkla skylder på hverandre