Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det store importdilemmaet

Mattilsynet har for fyrste gong funne to alvorlege virus som rammar jordbærplanter. Ingen av virusa har tidlegare vore påviste i Norge, og begge blei funne i bærfelt med importerte planter. Virusa blei funne hos tre ulike produsentar; i Sogn og Fjordane, Aust-Agder og Buskerud.

Dei to virusa som vart funne, blir spreidde med allereie infiserte jordbærplanter eller med bladlus. Sistnemnde virus blei funne hos alle tre produsentane, men det var berre hos ein av dei at begge virusa blei funne.

I lengre tid vurderte styresmaktene om importforbodet skulle fjernast. Vitenskapskomiteen for mattrygghet vurderte risikoen for smittespreiing som stor og sannsynleg ved opning for import av ikkje-sertifiserte planter, medan det blei vurdert som lite sannsynleg med smittespreiing ved import av sertifiserte planter om sertifiseringsordninga fungerer som den skal i avsendarlandet.

Annonse

Mattilsynet meiner at smitten kan ha kome til Norge med infiserte planter frå Nederland, blant anna fordi dei smitta felta alle var anlagte med importerte planter frå ulike leverandørar i landet.

Opninga for planteimport er eit stort dilemma. Det er lett å sjå dei positive sidene ved planteimporten for jordbærprodusentar. Det gjer det lettare å vere med i den harde konkurransen om å tilby kundane fine bær til rett tid.

Men import gjer at vi mister den grundige kontrollen vi har i Norge i dag. All import av plantemateriale gir ein risiko for spreiing av sjukdommar eller skadedyr. Det er eit stort dilemma for Norge og andre land som har lite sjukdommar og skadedyr i dag.

No er det viktig å tenkje tryggleik. Det viktigaste førebyggjande tiltaket bærprodusentane sjølve kan gjere, er å ha korte omløp. Felta må ikkje bli ståande i fleire år. Mattilsynet meiner rask nedsviing og destruksjon av plantematerialet er viktig. I tillegg må ein vurdere denne importen fortløpande. Kjem situasjonen ut av kontroll, kan dette få store konsekvensar for både jordbær og andre kulturar.

Neste artikkel

Forbruket av antibiotika til dyr gikk ned i 2017