Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dårleg gåselogikk

Leadin here...

Fleire gåsearter har auka i mengd dei siste tiåra, og stadig fleire bønder opplever at gjæsene gjer til dels stor skade på dyrka mark. I Norge er det bønder som har grågås på garden frå slutten av februar til byrjinga av august.

Grågjæs som hekkar held seg på hekkestaden heile sommaren, medan dei ikkje-hekkande for ein periode trekker til spesielle område kor dei går gjennom fjørskiftet.

For Olav Braseth i Åfjord har grågåsa blitt ei fæl plage, sjå sak side 10. Dei siste åra har grågåsa øydelagt mellom 75 og 120 dekar kvart einaste år. Det svarar til om lag halvparten av det dyrka arealet på garden. Gåsa et opp, skit og trakkar ned kornet.

Det er lov å jakte på grågås, men garden til Braseth er omringa av Bingsholmråsa fuglefredingsområde. Det er derfor ikkje lov å skyte gjæsene medan dei ligg på sjøen, på strendene eller på holmane, berre når dei er ute i sjølve åkeren.

I fleire fylke med tilsvarande utfordringar har fylkesmannen vedteke eigne forskrifter med utvida jaktperiode på grågås – i spesifikke kommunar. Dette er blant anna gjort i Nord-Trøndelag, Møre og Romsdal og Rogaland.

Annonse

Ofte er den utvida jakttida berre eit par dagar mot slutten av sesongen, og i mange tilfelle er ikkje dette til stor hjelp. Skadane er allereie gjort.

Braseth prøvd ulike tiltak mot gjæsene, men ikkje noko av det han har prøvd duger. Han har søkt om avlingsskade kvart år, men svaret frå Fylkesmannen har alltid vore nei. Beiteskadar av gås er ikkje ein del av avlingsskadeordninga.

Det er det vanskeleg å finne ei logisk forklaring på. Dersom uver hadde øydelagt avlingane, hadde Braseth og andre bønder i same situasjon hatt krav på noko erstatning.

Gjæsene er ein del av naturen rundt oss, og det må vi godta. Men då må det også på plass ei erstatningsordning for dei som blir påført store avlingsskadar.

Neste artikkel

Står sterkare saman