Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vrakar fondsordning for jordbruket

Jon Georg Dale arbeider ikkje med å lage ei fondsordning for landbruket. – Ei mindretalsregjering kan ikkje fritt velja kva stortingsfleirtal dei vil bry seg med eller ikkje, svarar Geir Pollestad (Sp).

– Det er særs arrogant av regjeringa å berre sjå vekk frå ei så klar bestilling frå Stortinget. Senterpartiet vil framleis halde trykk på denne saka, lover Geir Pollestad. (Foto: Stian Eide)

I regjeringsplattforma frå 2013 skreiv den blåblå regjeringa at dei ville «åpne for en fondsordning i jordbruket etter modell av skogbruket.»

Men det har ikkje skjedd.

Næringskomiteen skreiv dermed dette i innstillinga si til jordbruksmeldinga i fjor vår: «Komiteen etterlyser en slik ordning, og mener den vil være viktig for å sikre både investeringer og klimatiltak. Komiteen ber regjeringen legge frem en slik ordning.»

Men ordninga har likevel ikkje kome.

– Særs arrogant

Leder av næringskomiteen, Geir Pollestad (Sp) har nyleg sendt eit skriftleg spørsmål til Dale der han spør om fondsordninga. No har han fått svar.

– Svaret er ikkje mindre enn sjokkerande. Jon Georg Dale har lagt bort forslaget om å innføra ei slik ordning på tvers av det eit samla storting har sagt, seier Pollestad.

Annonse

– Det er særs arrogant av regjeringa å berre sjå vekk frå ei så klar bestilling frå Stortinget. Senterpartiet vil framleis halde trykk på denne saka – og vil utfordre regjeringa på det og framover. Ei mindretalsregjering kan ikkje fritt velja kva stortingsfleirtal dei vil bry seg med eller ikkje, seier han.

– Det verkar som om Dale og regjeringa nærast har angst for å gjera ting som er positive for jordbruket. Ei fondsordning ville kunne vore positiv for å utjamne svingingar i produksjonar med varierande inntekter frå år til år. Til dømes innanfor frukt og bær. Den ville og ha gjort det enklare å setje av pengar til investeringar, seier Pollestad.

Ikkje grunnlag for vidare arbeid

I det skriftlege svaret viser Jon Georg Dale til statsbudsjettet regjeringa la fram for 2018.«I kapittel 30 har regjeringa gitt ei grundig vurdering av spørsmålet om å innføre ei fondsordning i jordbruket.

I proposisjonen vert Stortinget informert om at regjeringa ikkje ynskjer å foreslå ei fondsordning for jordbruket etter mønster av skogfondordninga. Ved handsaminga i Stortinget seier finanskomiteen i Inst. 3 S (2017-2018): «Komiteen tar omtalen til orientering, og viser til de respektive partiers alternative budsjetter.»

På bakgrunn av regjeringa si vurdering og Stortingets handsaming av denne, ser eg ikkje grunnlag for å arbeide vidare med ei slik fondsordning.»

Neste artikkel

Fornuftig økosatsing